Foredrag og digitale presentasjonar - Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Foredrag og digitale presentasjonar

Foredrag og digitale presentasjonar kan enkelt koplast saman. Eit foredrag er ein lengre presentasjon med ei tydeleg innleiing, hovuddel og avslutning.

Oppgåve:

Ta for deg ei større oppgåve du har jobba med som har eit ferdig produkt. Lag ein digital presentasjon ved å bruke eit digitalt verktøy, som til dømes PowerPoint eller Prezi, og hald eit foredrag.

Vurdering:

  • Har foredraget ei god innleiing, hovuddel og avslutning?
  • Korleis blir ulike verkemiddel (bilete, lyd og liknande) brukte i presentasjonen?
  • Har foredraget god heilskap?
  • Korleis blir innhaldet presentert? Har du bra formidling, kroppsspråk, stemmebruk og god kontakt med tilhøyrarane?
Video: NDLA / CC BY-SA 4.0
Skrive av Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019