Har du nokon gong lege i graset og sett opp mot himmelen, på skyene som driv forbi? Har du sett dyr og skapningar i formene til skyene? På same måte skal de no gå på monsterjakt i fargeutprøvingar. De skal samarbeide og lage kollasjar som de stiller ut.
Tips til læraren
Det kan vere lurt å gi elevane del ein av oppgåva, før dei får oppgåveteksten. På denne måten jobbar ikkje elevane målretta med å prøve å lage monster. Då blir fargeleiken friare, og uttrykka gjerne meir unike.
Vent til målinga er tørr, og studer utprøvingane du og partnaren din har laga. Kan de finne monster eller fabeldyr gøymde der former overlappar kvarandre, eller der fargar har runne nedover arket? Bruk ein svart tusjpenn til å teikne rundt formene. Legg til auge, tentaklar, vorter og linjer der du tykkjer det passar.
Tips
Teikn først med blyant.
Snu arket i ulike retningar. Dukkar det opp nye monster då?
Hugs at det ikkje finst noko fasitsvar. La fantasi og former styre teikneprosessen.
Byt ark med medelev
Byt på nytt ark med partnaren din. Teikn vidare på monstera eller finn fleire.
Kollasj (eller collage) er eit bilete som er sett saman av fleire delar. Vi skal no lage ei utstilling med monsterteikningane. Utstillinga skal få eit heilskapleg uttrykk. For å få til dette skal vi leggje til nokre like element i avispapir og montere dette på A5-ark.
Framgangsmåte
Klipp ut ei grunnform: sirkel, firkant eller trekant i avispapir. I dette dømet bruker vi sirklar. Då kan det vere lurt å finne ein rund gjenstand du kan teikne rundt og bruke som mal.
Lim sirkelen på midten av eit kvitt A5-ark.
Vel ut eitt av monstera dine og klipp det nøyaktig ut.
Klipp òg nokre mindre sirklar frå fargeutprøvingane og i avispapir.
Bli samd med partnaren din om korleis de vil plassere monster og sirklar på arket, før de limer dei på.
La monsteret overlappe den største sirkelen.
Komposisjon av monster og sirklar
Samarbeid med klassen om å lage ei fin utstilling.