Oppgåve
Ei av fire årstider i blomsterarbeid
Planlegg og lag eit blomsterarbeid som representerer ei av dei fire årstidene våre. La ein av Ittens fargekontrastar skape spenning i blomsterarbeidet.

Kva for årstid gir denne buketten assosiasjonar til?
Del 1: Idéutvikling
- Vel ei årstid og beskriv ho med dine eigne ord.
- Kva fargar forbind du med denne årstida?
- Lag eit moodboard som visualiserer årstida du har valt. Bruk gjerne bilete av blomstrar og blomsterarbeid, i tillegg til andre stemningsbilete.
- Du skal bruke ein av Ittens fargekontrastar til å skape spenning i blomsterarbeidet ditt. Set deg inn i fargeverknaden til dei ulike kontrastane. Vel kva kontrast du vil bruke, og lag fargepalettar som passar til årstida du har valt.
- Lag idéskisser til eit blomsterarbeid som representerer årstida du har valt.
Del 2: Produksjon
- Planlegg kva materiale du vil bruke med tanke på årstida og fargane du har valt. Du kan òg bruke papir, fjør, stoff og andre materiale for å få bygt ut fargane, viss du ikkje har tilgang på blomster i alle fargar.
- Vel teknikkar som eignar seg, og lag blomsterarbeidet.

Del 3: Dokumentasjon
- Presenter idéutviklinga di og arbeidsprosessen din.
- Vurder det ferdige blomsterarbeidet. Grunngi fargevalet og kva teknikk du valde å bruke.