Digital marknadsføring - Lag din eigen annonse på Facebook - Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Digital marknadsføring

Oppgåve

Lag din eigen annonse på Facebook

Opprett ein annonse på Facebook, og analyser og vurder effekten av annonsen.

Annonse på Facebook

Har de dykkar eiga mediebedrift, tar de utgangspunkt i denne. Viss ikkje, kan de høyre om de kan få opprette ein annonse for skulen.

For å annonsere på Facebook klikkar du inn på Facebook Business. Facebook har her sett opp sju trinn for å opprette ein annonse. Bruk desse sju trinna i oppretting av dykkar eigen annonse. I det siste punktet skal de måle effekten av annonsen.

  1. Vel målsetting

    Auka sal frå bedrifta sin nettstad er eit døme på ei målsetting for annonsen.

  2. Vel publikum

    Her kan du velje kjønn, alder, bustad, interesser m.m.

  3. Bestem kvar annonsen skal visast

    I tillegg til Facebook kan du velje at annonsen skal visast i Messenger, på Instagram og i andre mobilapplikasjonar.

  4. Angi budsjett

    Du kan her velje mellom dagsbudsjett eller totalbudsjett for annonsen. I tillegg angir du tidsrommet du ønskjer å annonsere.

  5. Vel format

    Her vel du formatet på annonsen. I tillegg til tekst kan du bruke eit vanleg bilete, ei samling av bilete, biletkarusell, video m.m.

  6. Send inn bestilling

    Facebook bruker ein auksjonsmetode for å avgjere kva for annonse som skal visast til kva brukar. Om din annonse vinn auksjonen, kjem an på budsjettet ditt, relevans for brukaren og kvaliteten på annonsen.

  7. Mål og administrer annonsen

    I annonseadministrasjonen på Facebook kan du følgje med på kor stor effekt annonsen har. Kor mange har vist engasjement for annonsen, og har annonsen generert auka sal for bedrifta?

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2019