Digital marknadsføring - Google Ads - Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Digital marknadsføring

Fagartikkel

Google Ads

Google Ads, tidlegare kjend som Google AdWords, er annonsering på nett. Har du ei bedrift, kan du bruke Google Ads til å marknadsføre produkta og tenestene dine på Google Søk, YouTube og andre nettstader.

Med Google Ads kan du oppnå auka trafikk på nettsida. Du betaler berre når brukarar har interaksjon med annonsen din, til dømes når dei klikkar på annonsen eller ringjer til bedrifta di.

Annonsar hos Google Ads når fram til kundar ved at dei blir plasserte i søkjeresultat i Google. Det er tre grunnleggjande annonse- og kampanjetypar:

  1. Kampanjar i søkjenettverket: Tekstannonsar som kan visast i Google sine søkjeresultatsider når nokon søkjer etter produkt eller tenester som har likskapstrekk med dei du tilbyr

  2. Kampanjar i displaynettverket: Biletannonsar som blir vist på nettstadane og i appane kundane dine besøkjer, til dømes på VG

  3. Videokampanjar: Videoannonsar med ei varigheit på seks eller femten sekund, som blir spelte av like før eller midt i YouTube-innhald

Målretting og "remarketing"

I Google Ads kan du bruke målretting for at annonsen din skal bli sett av bestemte typar menneske eller i bestemte samanhengar eller innhaldstypar. Du kan til dømes målrette annonsen mot personar som har besøkt nettstaden din. Ei slik målretting blir kalla remarketing og blir brukt for å få personane tilbake til nettstaden for å fullføre ei bestilling.

Remarketing må brukast målretta, slik at du ikkje spammar folk med annonsen din. Du bør også bruke capping, som er ein funksjon som avgrensar kor ofte den same brukaren ser ein annonse i Google. Sel du eit produkt som kunden vanlegvis berre kjøper éin gong, bør du ikkje bruke remarketing til kundar som allereie har kjøpt produktet. I verste fall kan dette føre til ei fiendtleg innstilling mot merkevara.

Søkjeord og emne

Du kan også angi søkjeord eller emne for at annonsen din skal bli sett av personar som sannsynlegvis er interessert i bestemte produkttypar, til dømes sykkelrelaterte produkt. For å nå bestemte typar menneske kan du målrette annonsen mot ulike demografiske grupper, bestemt til dømes ut frå kjønn, sivilstatus, barn, interesser og bustad.

Google gir deg rapportar, statistikk og tips, slik at du kan utvikle annonsekampanjen til å bli stadig meir treffsikker.

Vil du lese meir, gå til Google si side om Google Ads.

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2019