I dyrehagen – grammatikk - Grammatikkforklaringar - Kinesisk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
I dyrehagen – grammatikk

Grammatikkforklaringar

CC BY-SA 4.0

Sett deg godt inn i grammatikkforklaringene, før du fortsetter til oppgavene.

Fagartikkel

Forklaringar til grammatikk i leksjon 4

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen I dyrehagen.

1. Retningskomplement

Samanlikn det understreka i dei to setningane under:

1. 终于进来了,今天来动物园的人真多!
Zhōngyú jìnlái le, jīntiān lái dòngwùyuán de rén zhēn duo!
Endeleg har vi komme inn. I dag er det veldig mange som har komme til dyreparken!

2. 等我们看完大熊猫再过去看老虎。
Děng wǒmen kànwán dàxióngmāo zài guòqù kàn lǎohǔ.
Vi dreg først bort for å sjå på tigrane etter at vi har sett ferdig på pandaene.

Retningskomplement er verb som lái – «å komme» – og qù – «å gå» – som blir lagde til bak andre verb for å uttrykkje noko om retninga det første verbet tek: lái uttrykkjer vanlegvis ei rørsle mot talaren (den som seier noko) og qù ei rørsle bort frå talaren. Talaren seier setning 1. når dei allereie har komme inn i parken, og skildrar situasjonen frå det perspektivet. Dermed kjem lái bak hovudverbet jiìn – «å gå inn i» (samanlikn med engelsk «to enter»). Hadde person A stått utanfor og konstatert at person B endeleg hadde komme seg inn i parken, ville setninga ha blitt slik: (pers. B) 终于进去了 Tā (pers. B) zhōngyú jìnqù le.

I setning 2. blir qù òg brukt bak verbet guò fordi talaren ikkje har komme til staden enno. guò er litt vanskeleg å omstje til norsk, men kan seiast å tyde «å gå over (til ein stad)», engelsk: «to go over (to)». guò tyder eigentleg «å krysse (ein gitt avstand)». Bruken av 过去 guòqù i 过去看老虎 guòqù kàn lǎohǔ uttrykkjer dermed at ein kryssar avstanden mellom her og der tigrane er, for å sjå på dei. Hadde person A bede person B om å komme bort, hadde ein sagt 过来 guòlái i staden, fordi person A allereie var på staden og rørsla skjer i retning av han.

Oversikt over retningskomplement:

Verb Verb + komplement

jìn: jìnqù – «dra inn» jìnlái – «komme inn»
chū: chūqù – «dra ut» chūlái – «komme ut»
shàng: shàngqù – «dra opp» shànglái – «komme opp»
xià: xiàqù – «dra ned» xiàlái – «komme ned»
huí: huíqù – «dra tilbake» huílai – «komme tilbake»

Meir om (komplekse) retningskomplement seinare.

2. 连…都 / 也… lián … dōu / yě ...

Dette er endå eit fast mønster, med tydinga «til og med X (har blitt) VERB». I teksten har vi setninga 连大象都看了 Lián dàxiàng dōu kàn le, som tyder «Vi har til og med sett elefantar». Temaet blir innleia med lián framfor, og kommentaren følgjer etter dōu / yě (dei to har same tyding) som ein integrert del av dette setningsmønsteret. Mønsteret kan òg brukast med nektingsord, som her:

我连一次都没吃过非洲菜。 – «Eg har ikkje ete afrikansk mat ein einaste gong.»
Wǒ lián yí cì dōu méi chīguo Fēizhòu cài.

他连一个字也不认识。 – «Han kan ikkje eitt einaste teikn eingong.»
Tā lián yí ge zì yě bú rènshi.

你连这个都不知道? – «Ikkje eingong dette veit du?»
Nǐ lián zhè ge dōu bù zhīdào?

3. Meir om koverb

Koverb er ei nemning på visse kinesiske verb som ofte fungerer som preposisjonar på kinesisk. Bakgrunnen for dette omgrepet er at kinesisk ikkje har eigne ord for preposisjonar, men heller bruker verb til dette. Her er nokre vanlege koverb:

Som verb:Som preposisjon:Eksempel:
zài «å vere (ein stad)»«på»我在学校。 / 我在学校吃饭。
Wǒ zài xuéxiào. / Wǒ zài xuéxiào chīfàn.
0;到 dào «å komme (fram til)»«til (stad)»我到了。 / 我到学校来。
Wǒ dào le. / Wǒ dào xuéxiào lái.
0;给 gěi «å gi»«til (person)»我给他了。 / 我给他打电话。
Wǒ gěi tā le. / Wǒ gěi tā dǎ diànhuà.

I setninga *我们先到狮虎山去吧 Wǒmen xiān dào shīhǔshān qù ba innleier dào destinasjonen ein dreg ( qù) til. Sjølv om dào brukt som hovudverb kan tyde å komme (fram til), i for eksempel …

我已经到了。Wǒ yǐjīng dào le. – «Eg er allereie kommen.»

他到学校了吗? Tā dào xuéxiào le mā? – «Har han komme fram til skulen?»

... seier dào i setninga øvst* noko om kva måldestinasjonen til verbet qù er, og ikkje noko om vedkomande har kommen fram eller ei. Det blir derfor naturleg å omsetje ei slik setning med «Lat oss først dra til Løve- og tigerfjellet».

Relatert innhald

Skrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017