Dating i Kina - Dating i Kina - Kinesisk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Dating i Kina

Skrive av Luying Wang Belsnes og Ole Fossgård.
Sist oppdatert 21.04.2020
Fagartikkel

Dating i Kina

Internett har gitt kinesisk ungdom heilt nye høve til å finne seg kjærast ved å chatte med kjende, søkje etter «personar nær deg» eller ved å gå ut på byen og ta kontakt med vilt framande. Dette er ei revolusjonerande endring i forhold til slik det var før.

Men for ungdomane er moglegheitene framleis sterkt prega av kulturelle normer som foreldre og skulen (!) handhevar.

Skuleungdom

Ungdom som driv med dating, var inntil nyleg heilt utenkjeleg i det kinesiske samfunnet. Viss ikkje foreldre og besteforeldre klarer å halde kustus på ungane sine på dette feltet, trer skulen inn som ein effektiv kontrollinstans. Viss to ungdomsskuleelevar held kvarandre i hendene i friminutta, vil det vanlegvis føre til represaliar. I mange tilfelle forbyr dessutan vidaregåande skular romantiske forhold mellom elevar, ettersom det visstnok skal ha negativ innverknad på studiane.

Ungdomane skal haldast styr på for å bli gode på det meste – og ikkje berre følgje sine eigne ønske. Dei er nemleg i ein svært krevjande livsfase. Først gjeld det å komme inn på ein god vidaregåande skule, og ved slutten av vidaregåande må ein førebu seg til det rotteracet som blir kalla (forkorta) gāokǎo 高考, nasjonal eksamen for høgskular. Resultatet av denne prøven blir avgjerande for det framtidige livsløpet til ungdomane.

Nye tider

Denne tradisjonen er derimot i sterk endring. Nye høve til dating har vekse fram på Internett, der mange tykkjer det er lettare å «snakke» med det motsette kjønnet eller potensielle partnarar. Ein ny forbrukskultur og ei meir opprørsk åtferd blant ungdom har òg bidrege til å løyse opp tradisjonelle konvensjonar. Det har vakse fram ein sann flora av appar for nær sagt alle behov, frå dei heilt konvensjonelle til dei som appellerer til forskjellige former for det som blir kalla «queer» på engelsk – kù’ér 酷儿 – det vil seie kjønnsidentitet.

Unge vaksne

Når ungdom blir 19–20 og tek fagutdanning eller begynner på universitet og høgskular, blir foreldra noko meir avslappa når det gjeld å «snakke om kjærleik» – tán liàn’ài 谈恋爱.

Nettet har blitt den viktigaste måten å finne ein partnar på kampus på. Det byr seg mange moglegheiter, ofte med flyktige forhold. Dette er ein sterk kontrast til det dei erfarte på barne- og ungdomsskulen. Viss dei ønskjer å innleie eit fast forhold, rådfører dei seg framleis med foreldra, men regelen er ikkje lenger at foreldra arrangerer faste forhold med sikte på ekteskap. Dei kan for eksempel leggje til rette for møte med moglege kandidatar frå den same heimstaden.

Lei av nettet

Men dei nye moglegheitene nettet har gitt, har òg gjort mange skuffa og kyniske. 2000-talsgenerasjonen sine erfaringar er at løfte om kjærleik altfor ofte berre er juks og bedrag. Dersom dei ikkje bruker kjærleik som eit påskot for å oppnå seksuell kontakt, kan dei bruke seksuell kontakt som ein måte å få kjærleik på.

Spørjeundersøkingar på landsbygda viser at ungdom tykkjer det er lettare å diskutere «hjartesaker» på nettet enn å snakke om det ansikt til ansikt, sjølv om dette òg gir opphav til tvil om tryggleik og om ein blir lurt opp i stry. Her er unge kvinner spesielt utsette, og det går mange historier om unge kvinner som har kutta ut nettet fullstendig fordi dei ikkje lenger orka alle dei plagsame – fán – tilnærmingane.

På den andre sida er det ingen spøk å vere ung kvinne i Kina i dag. Du bør helst ha klare planar om å gifte deg når du er 25 år, for dersom du ikkje er gift når du nærmar deg 30, blir du stempla som ei «tiloversblitt kvinne», shèng nǚ 剩女.

Brot og tradisjon

Det er ikkje lenge sidan regelen var at kinesiske foreldre bestemde kven sonen eller dottera burde gifte seg med. Meir sosial mobilitet, friare yrkesval, kosmopolitisk innverknad og meir forskjellige ungdomskulturar har ført til store endringar både når det gjeld moglegheiter for dating og fastare forhold.

Samtidig har samansetninga av kinesiske familiar endra seg radikalt på grunn av den strenge fødselskontrollen dei siste 35 åra. Det har overraskande nok ført til at nære familieband ofte har blitt styrkte. Ein annan konsekvens er at foreldra framleis har stor innverknad på normer, praksis og konvensjonelle ritual. Dagens kinesiske ungdom må manøvrere i eit krevjande landskap av kjensler og forpliktingar.

Relatert innhald

Skrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 13.06.2017