Å vere middagsgjest i Kina - Meir enn berre heimelaga - Kinesisk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Å vere middagsgjest i Kina

Skrive av Luying Wang Belsnes og Ole Fossgård.
Sist oppdatert 21.04.2020
Fagartikkel

Meir enn berre heimelaga

Når kinesisk mat blir tema i ein samtale, vil erfaringsgrunnlaget til dei fleste av oss stamme frå besøk på kinesiske restaurantar. Folk som har vore i Kina og besøkt forskjellige regionar, kan utvide repertoaret.

Nokon kan kanskje rapportere frå overdådige bankettar eller utsøkt vegetarmat i eit buddhistisk senter, men det er dei færraste som har erfaring frå kinesiske heimar og har ete jiācháng biànfàn 家常便饭, eller kvardagskost.

Betre buforhold

Når kinesarar flest vil gjere stas på utanlandske gjester, vil dei som oftast invitere dei ut på restaurant i staden for å invitere dei heim til seg. Tidlegare var det òg vanskeleg for dei fleste å invitere gjester fordi dei budde trongt. Mange delte kjøken og andre fasilitetar med naboar. Viss ein blir invitert på middag heime hos nokon, kan det vere stor variasjon i kor formelt det er, og korleis oppvartinga er. Enkelte gjer mykje ut av det og prøver å etterlikne den meir formelle miksen av rettar som ein får servert ved større bankettar. Men meir interessant er det viss du får oppleve å smake det som blir kalla jiāchángcài 家常菜, heimelaga mat, eller jiācháng biànfàn 家常便饭, kvardagskost. Og alle heimekokkar vil kokettere overfor gjestene sine ved å seie at dei berre lagar kvardagskost, sjølv om dei eigentleg lagar til eit festmåltid.

Variasjonar

Heimelaga mat som blir servert til utanlandske gjester, vil nok bere preg av nokon av grunntrekka ved kinesisk kokkekunst. Det skal vere ein viss balanse mellom forskjellige smaksopplevingar og mellom kaldt og varmt samt kjøt og vegetarisk. Samtidig kan ein få oppleve korleis dei mange regionale tradisjonane i det kinesiske kjøkenet kjem til uttrykk i ein familie, ettersom matvanane ofte er prega av kvar familien kjem frå. Vidare er det ofte markante forskjellar mellom by og land. På landsbygda ser ein framleis mange stader mest naturalhushald. Endå «lenger ut på landet», det vil seie i område der det bur andre folkeslag, er matvanane endå meir prega av den tradisjonelle matkulturen.

Konvensjonar

Det er mange matkonvensjonar knytte til folkelege kinesiske festivalar. Ein av dei går ut på å invitere gjester til å vere med på å lage kinesisk ravioli, jiǎozi 饺子, i samband med det kinesiske nyttåret. Men den største kontrasten til tradisjonelle matkonvensjonar ser ein nok hos yngre kinesarar, som er meir påverka av utanlandske etevanar og hurtigmat. Det siste er for så vidt kinesarane sjølve meistrar i, i form av forskjellige former for «småmat», xiǎochī 小吃.

I Kina finst det knapt nokon tradisjon for å drikke alkohol utan at ein samtidig har noko å «få ned», xià , drikkevarene med. Viss du er gjest heime hos nokon, får du gjerne servert alkohol, som oftast øl og dram. I urbane settingar på 80-talet, då delar av folket fekk auka levestandard, var whisky ofte det finaste vertane kunne by ein utanlandsk gjest som drikke til middag. Dette stamma frå kolonitida og er framleis ganske vanleg i delar av Asia. I dag vil nok heller mange by utanlandske gjester på raudvin i god vestleg stil, gjerne kinesiskprodusert, for å vise at ein har lagd seg til globale drikkevanar.

Forståing gjennom mat

Kinesarane ser på mat ikkje berre som eit kulinarisk bindeledd mellom menneske. Eit måltid skal i like stor grad skape mellommenneskeleg kontakt, og det kan ofte skje under ganske livlege omstende. Kinesarane kan snakke i timevis med stor innleving om mat i alle former og fasongar. Det sosiale blir understøtta av at serveringsfata blir sette på bordet og delte av alle. Om du er gjest, må du vere førebudd på at tallerkenen og bollen heile tida blir fylt opp av vertane som eit teikn på gjestfridom. Berre under den såkalla SARS-epidemien rundt 2002–2003 gjekk kinesarane ein periode over til å servere enkeltporsjonar for å unngå smitte.

Når du blir invitert heim på middag til kinesiske venner eller kjende, er det minst like stort for vertane som for gjestene. Om det er formelt eller uformelt, avheng av omstenda. Det finst mange lag med formalitetar, for eksempel bordplassering, men i dei fleste tilfella er atmosfæren ganske uformell.

Senk skuldrene

Det finst mange skrivne og uskrivne reglar om korleis du bør oppføre deg under eit måltid i Kina. For eksempel heiter det seg at du ikkje bør stikke spisepinnane rett ned i risbollen, og heller ikkje ta risbollen opp til munnen og skyfle i deg maten. Slike reglar gjeld derimot ikkje i same grad i dagleglivet. Under eit gjestebod heime hos nokon kjem du ofte ikkje utanom å måtte skåle i alle himmelretningar. Då gjeld det å strukturere kapasiteten sin, ettersom eit måltid kan vare lenge. Du imponerer kinesarane om du er «god» til å drikke, men like viktig er det å vise at du kan meistre alkoholen. Viss du ikkje drikk alkohol, er i ulage eller ikkje kan drikke på grunn av helsa, kan du berre seie Wǒ bú huì hē jiǔ 我不会喝酒, «Eg kan ikkje drikke alkohol». Kinesarane ser nemleg på det å drikke alkohol som ei ferdigheit. Du bør ikkje ta den norske skikken med å ete opp maten altfor seriøst. Når bollen din er tom, er det store sjansar for at vertane fyller han opp att. Lat det derfor vere att litt mat når du er mett, eller sei ganske enkelt Chībǎole 吃饱了, «(Eg) er mett», eller Chīdehǎo, xièxie 吃得好, 谢谢, «Takk, (eg) er veleten».

Relatert innhald

Skrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2018