Å handle klede – grammatikk - Grammatikkforklaringar - Kinesisk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Å handle klede – grammatikk

Grammatikkforklaringar

CC BY-SA 4.0

Sett deg godt inn i grammatikkforklaringene, før du fortsetter til oppgavene.

Fagartikkel

Forklaringar til grammatikk til leksjon 6

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen Å handle klede.

1. Tidsrom

Når vi skal snakke om eit tidsrom der noko IKKE har skjedd, bruker vi denne strukturen:

subjekt

tidsuttrykk

不 / 没(有)

verb(alfrase)

我们

很久

没有

逛商场

Wǒmen

hěn jiǔ

méi yǒu

guàng shāngchǎng

«Vi har ikkje shoppa på lenge.»

I denne strukturen må tidsuttrykket vere ein tidsperiode (generell, for eksempel 很久 hěn jiǔ – «lang tid» – eller spesifikk, for eksempel 两年 lǐang nián – «to år»), og verbalet må nektast av bù eller 没(有) méi (yǒu). Tilsvarande kan vi òg snakke om ein gitt periode som noko har skjedd innanfor, for eksempel 我两年去了三次中国。 Wǒ liǎng nián qù le sān cì Zhōngguó. – «Eg har vore i Kina tre gonger i løpet av to år.»

Dette må ikkje forvekslast med tilfellet der ei tidsmengd kjem etter verbet og fungerer som komplement, der det då uttrykkjer ei varigheit eller hyppigheit. Eksempel:

中文, 我学了两年。 Zhōngwén, wǒ xué le liǎng nián. / 我学了两年中文。 Wǒ xué le liǎng nián Zhōngwén. – «Eg har studert kinesisk i to år.»

中国, 我去过两次。 Zhōngguó, wǒ qùguo liǎng cì. / 我去过两次中国。 Wǒ qùguo liǎng cì Zhōngguó. – «Eg har vore i Kina to gonger.»

2. 是…的 shì … de

我带到北京来的衣服都是去年买的。


Wǒ dàidào Běijīng lái de yīfu dōu shì qùnián mǎi de.


«Alle kleda eg hadde med meg til Beijing, blei kjøpte i fjor.»

Kinesisk har fleire ord som blir skrivne med same teikn, men som kan ha fleire funksjonar og tydingar avhengig av kontekst. 是…的 shì … de-mønsteret er nok eit eksempel på dette. Og sjølv om vi har lært både shì og de i ulike samanhengar frå før, blir 是…的-strukturen brukt til eit spesifikt føremål og må ikkje blandast saman med dei same teikna brukt i andre funksjonar. 是…的-strukturen blir brukt når vi vil gi svar på spørsmål om når, kvar, korleis, kven, osv. med omsyn til ei handling som allereie har skjedd. Eksempel:

Svar

Spørsmål

我是昨天来的。
Wǒ shì zuótiān lái de.

«Det var i går eg kom.»

«Når var det du kom?»

他是在中国出生的
Tā shì zài Zhōngguó chūshēng de.

«Det var i Kina han blei fødd.»

«Kvar var det han blei fødd?»

他是坐飞机来的。
Tā shì zuò fēijī lái de.

«Det var med fly han kom.»

«Korleis kom han seg hit?»

我是来找你的。
Wǒ shì lái zhǎo nǐ de.

«Det var for å finne deg eg kom.»

«Kvifor har du komme?»

3. 不了 buliǎo

现在长胖了,好多衣服都穿不了了。
Xiànzài zhǎngpàng le, hǎo duō yīfu dōu chuānbuliǎo le.
«No har eg lagt på meg, så det er mange klesplagg eg ikkje får på meg lenger.»

Formelen VERB +

不了

buliǎo blir brukt for å uttrykkje at verbhandlinga i setninga ikkje lèt seg utføre. Det går att i uttrykk som

受不了

shòubuliǎo – «eg orkar ikkje / taklar ikkje noko», som ofte kan brukast i syrlege utsegn. VERB +

不了

buliǎo kan òg brukast spontant med eit gitt verb. Eksempel:

去不了 qùbuliǎo / 来不了 láibuliǎo – «kan ikkje dra/komme»

我做不了宫保鸡丁,因为没有鸡肉。
Wǒ zuòbuliǎo gōngbǎo jīdīng, yīnwèi méi yǒu jīròu.
«Eg kan ikkje lage kung pao-kylling fordi eg har ikkje kyllingkjøt.»

这个字太难了,我写不了!
Zhè ge zì tài nán le, wǒ xiěbuliǎo!
«Dette teiknet er for vanskeleg, eg greier ikkje å skrive det!»

4. Retningskomplement

三楼都是衣服店,咱们上去看看吧。
Sān lóu dōu shì yīfudiàn, zánmen shàngqù kànkan ba.

Vi forklarte bruken av retningskomplement i leksjon 4 og tek opp temaet att her. Retningskomplement utgjer ein viktig del av kinesisk grammatikk. Dei seks verba i kolonnen til venstre uttrykkjer rørsle i ei gitt retning, mens lái og qù indikerer retning i forhold til den som snakkar.

→retning i forhold til talar

↓rørsle

lái

shàng – opp

上来 shànglái

上去 shàngqù

xià – ned

下来 xiàlái

下去 xiàqù

jìn – inn

进来 jìnlái

进去 jìnqù

chū – ut

出来 chūlái

出去 chūqù

huí – tilbake

回来 huílai

回去 huíqù

guò – på tvers

过来 guòlái

过去 guòqù

Eksempelsetninga over uttrykkjer dermed at dei skal oppover (og vekk frå den staden dei er på no). Tilsvarande tyder for eksempel

进去

jìnqù «å gå inn i».

qù kjem bakpå dei to rørsleverba

shàng og

jìn fordi det i begge tilfelle er snakk om forflytting vekk frå den som seier setninga. Hadde for eksempel person A stått øvst i ei trapp eller inne i eit rom og snakka til person B, ville person A heller ha sagt

上来

shànglái og

进来

jìnlái fordi forflyttinga skjer mot person A, ikkje vekk frå vedkommande.

5. 一点 yìdiǎn etter tilstandsverb

中国的服装比欧洲的小一点。
Zhōngguó de fúzhuāng bǐ Ōuzhōu de xiǎo yìdiǎn.
«Kinesiske klede er litt mindre enn europeiske.»

Teikna

一点

opptrer saman i fleire funksjonar. I setninga over blir uttrykket brukt etter eit tilstandsverb, i dette tilfellet

xiǎo, med tydinga «litt meir tilstandsverb enn ...».

Samanlikn:
他比你高一点。 Tā bǐ wǒ gāo yìdiǎn. – «Han er litt høgare enn meg.»
这个比那个便宜一点。 Zhè ge bǐ nà ge piányi yìdiǎn. – «Denne er litt billigare enn den.»

6. Utelating av nomen

Når eit nomen er kjent ut frå konteksten, er det ikkje uvanleg å utelate det frå setninga for å unngå unødvendig repetisjon. I slike setningar er ofte fokuset på det modifiserande elementet, og de kan ikkje sløyfast. Samanlikn:

-我想买几件T恤,还有几条裤子。 – «Eg vil ha nokre T-skjorter og nokre bukser.»
-Wǒ xiǎng mǎi jǐ jiàn T-xù, hái yǒu jǐ tiáo kùzi.

-好,你想要什么颜色的?– «OK, kva farge (på T-skjortene/buksene) vil du ha?»
-Hǎo, nǐ xiǎngyào shénme yánsè de?

-你穿几码? – «Kva storleik (bukse) bruker du?»
-Nǐ chuān jǐ mǎ?

-我穿中号,– «Jeg bruker medium,
-Wǒ chuān zhōnghào,

不过中国的服装比欧洲的小一点, – men klede i Kina er litt mindre enn (...) i Europa.»
búguo Zhōngguó de fúzhuāng bǐ Ōuzhōu de xiǎo yìdiǎn,

我先试一条大号的吧。 – «Eg prøver først ei (...) i L.»
Wǒ xiān shì yì tiáo dàhào de ba.

Sjå òg punkt 3 i grammatikkforklaringane til leksjon 1 om utelatne nomen.

7. 就…吧 jiù … ba

这条很合适,颜色也漂亮,就要这条吧。


Zhè tiáo hěn héshì, yánsè yě piàoliang, jiù yào zhè tiáo ba.


Denne passar godt, fargen er òg fin, eg tek denne.

就...(吧) jiù … (ba) kan brukast til å uttrykkje at ein går for ein gitt ting eller har bestemt seg for «nettopp denne/dette». Eksempel:

-你想去哪家餐厅?Nǐ xiǎng qù nǎ jiā cāntīng? – «Kva restaurant vil du dra til?»
-就那家美国餐厅吧。 Jiù nà jiā Měiguó cāntīng ba. – «Lat oss gå for den amerikanske restauranten.»

-你要哪个苹果? Nǐ yào nǎ ge píngguǒ? – «Kva eple vil du ha?»
-就那个大一点的。 Jiù yào nà ge dà yìdiǎn de. – «(Eg) tek det litt store der.»

-你要什么颜色的? Nǐ yào shénme yánsè de? – «Kva farge (på buksene) vil du ha?»
-就这条黑色的吧。 Jiù zhè tiáo hēisè de ba. – «(Eg) tek det svarte paret her.»

8. 另一边 lìng yìbiān

柜台旁边都是T恤,不过那边的都是黑色跟白色的。另一边有别的颜色。


Guìtái pángbiān dōu shì T-xù, búguò nàbiān de dōu shì hēisè gēn báisè de, lìng yìbiān yǒu biéde yánsè.


«Ved sida av kassa er det berre T-skjorter, men dei er alle i svart eller kvitt, på den andre sida (av butikken) finst det andre fargar.»

另一边 lìng yìbiān / 另一面 lìng yímiàn tyder «den andre sida». Talet «eitt» treng ikkje forståast i kvantitativ forstand her, men er likevel nødvendig å ha med i uttrykket.

9. 虽然…可是… suīrán … kěshì ...

这件T恤虽然图案挺好看的,大小也合适,可是就是颜色不好。


Zhè jiàn T-xù suīrán tú’àn tǐng hǎokàn de, dàxiǎo yě héshì, kěshì jiùshì yánsè bù hǎo.


«Sjølv om mønsteret på denne T-skjorta er ganske fint og storleiken er passeleg, så er ikkje fargen noko fin.»

虽然…可是… suīrán … kěshì ... er eit fast setningsmønster som tyder «sjølv om A, så B». Dette er vanlegvis eit veldig intuitivt mønster som er enkelt å ta i bruk når vi vil komme med «sjølv om ..., så ...»-utsegn. Det viktige er å hugse på at den andre leddsetninga MÅ innleiast med 可是 kěshì eller 但是 dànshì («men») på kinesisk, noko som ikkje er nødvendig på norsk (der vi i staden ville ha brukt «så»):

他虽然很帅,可是没有钱。
Tā suīrán hěn shuài, kěshì méi yǒu qián.
«Sjølv om han er kjekk, (så) har han ikkje pengar.»

*他虽然很帅,没有钱 Tā suīrán hěn shuài, méi yǒu qián er derfor feil på kinesisk.

10. Rabatt

现在短裤打折,打八折。两条裤子,两件T恤,一条短裤,一共七百三十块,短裤打折,打完折就五百七十元。


Xiànzài duǎnkù dǎzhé, dǎ bā zhé. Liǎng tiáo kùzi, liǎng jiàn T-xù, yì tiáo duǎnkù, yígòng qībǎi sānshí kuài, duǎnkù dǎ bā zhé, dǎwán zhé yígòng shì wǔbǎi qīshí yuán.


«Det er rabatt på shortsar no, 20 % rabatt. To bukser, to T-skjorter og ein shorts, det blir 730 yuan til saman. Det er rabatt på shortsen, etter å ha trekt frå rabatten blir det 570 yuan til saman.»

Prisrabattar i prosent blir uttrykt litt annleis på kinesisk enn på norsk. På norsk oppgir vi ein prosentdel som skal trekkjast frå den opphavlege prisen, for eksempel 10 % avslag på ei vare til 100 kroner. Ny rabattpris blir då 90 kroner. På kinesisk ville vi sagt at rabattprisen er 90 % av den opphavlege prisen, nærmare bestemt 9/10 av den opphavlege prisen. Talet på tiendedelar av originalprisen blir etterfølgt av ordet zhé, ofte med verbet dǎ framfor. Eksempel:

这条裤子现在打八折。Zhè tiáo kùzi xiànzài dǎ bā zhé. – «Denne buksa får du no til tjue prosent rabatt.»

六折! Liù zhé! – «40 % avslag!»

Relatert innhald

Skrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2017