Yrker- tekstlesing - Grammatikkforklaringer - Kinesisk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Yrker- tekstlesing

Grammatikkforklaringer

CC BY-SA 4.0

3. Få en grunnleggende forståelse for grammatikken i leksjonen.

Fagartikkel

Forklaringar til grammatikk i leksjon 12

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen Arbeid.

1. 以后 yǐhòu


以后 yǐhòu kan plasserast etter ei tidsmengd:

三天以后

– sān tiān yǐhòu – «etter/om tre dagar»

Etter eit verb:

你做功课以后做什么?


Nǐ zuò gōngkè yǐhòu zuò shénme?


«Kva gjer du etter at du har gjort leksene?»

Men det kan òg stå åleine, med tydinga «i framtida»;
«etter det noverande»:

以后,我可能不住在挪威。


Yǐhòu, wǒ kěnéng bú zhù zài Nuówēi.


«I framtida bur eg kanskje ikkje i Noreg.»

2. 还是 háishi og 或者 huòzhě


还是 háishi og 或者 huòzhě tyder begge «eller». 还是 blir brukt i spørsmål, mens 或者 blir brukt i utsegn. I setninga «我想将来做演员或者歌手。 Wǒ xiǎng jiānglái zuò yǎnyuán huòzhě gēshǒu.» er det naturleg å bruke 或者 fordi vedkomande beskriv to alternative moglegheiter/ting i staden for å tilby / spørje om alternative val for lyttaren, for eksempel dette:

你喜欢看中国电影还是美国电影?
Nǐ xǐhuan kàn Zhōngguó diànyǐng háishi Měiguó diànyǐng?
«Liker du å sjå kinesiske filmar eller amerikanske filmar?»

3. 比较 bǐjiào

比较 bǐjiào tyder «relativt» og blir brukt omtrent som på norsk. Det uttrykkjer at samanlikna med noko underforstått (eller noko tidlegare nemnt i konteksten) har noko ein meir utprega kvalitet.
Eksempel:

这两本书,你的比较好。
Zhè liǎng běn shū, nǐde bǐjiào hǎo.
«Av desse to bøkene er di betre.»

比较 kan òg brukast utan nokon implisitt kontekst, som i for eksempel 他比较帅。 Tā bǐjiào shuài. – «Han er relativt kjekk.» Her fungerer det som 很 hěn – «veldig» – eller 非常 fēicháng – «verkeleg» – og uttrykkjer ein moderat grad eller intensifisering av ein kvalitet ved det ein beskriv.

4. 更 gèng

更 gèng tyder «endå ...» og blir brukt til å uttrykkje at noko er «meir» av noko enn noko anna. Samanlikn dette:

这两本书,你的比较好。
Zhè liǎng běn shū, nǐde bǐjiào hǎo.
«Av desse to bøkene er di betre».


你的书比较好。
Nǐde shū bǐjiào hǎo.
«Boka di er betre.» / «Boka di er relativt bra.»


他的书更好。
Tāde shū gèng hǎo.
«Boka hans er endå betre.»

Sjå òg pkt. 3 under grammatikkforklaringane til leksjon 8.

5. 最 zuì

最 zuì tyder «mest ...» og blir brukt til å uttrykkje at noko skil seg klart ut og «i størst grad» har ein viss kvalitet av det som det blir samanlikna med. Eksempel:

这两本书都很好,可是王老师的书最好。
Zhè liǎng běn shū dōu hěn hǎo, kěshì Wáng lǎoshī de shū zuì hǎo.
«Begge desse to bøkene er bra, men boka til lærar Wang er best.»

6. 我也是 wǒ yě shì

Merk at på kinesisk kan uttrykk som dette tyde noko anna enn det ville ha gjort på norsk. Vi kan ta denne utvekslinga som eksempel:

A: 我希望我们以后都会有喜欢的工作。
A: Wǒ xīwàng wǒmen yǐhòu dōu huì yǒu xǐhuan de gōngzuò.
B: 我也是。
B: Wǒ yě shì.

Her uttrykkjer 我也是 wǒ yě shì at person B òg «er eit tilfelle» av ein som håper å kunne ha ein jobb i framtida som han/ho liker. På kinesisk blir 是 shì ofte brukt til å uttrykkje at situasjonen subjektet er involvert i, også gjeld for han/ho, og ikkje at subjektet er noko. Sjå på dette eksempelet:

(To personar sit på restaurant og et. Den eine et fisk og den andre biff.)

A: 你也是鱼吗? Nǐ yě shì yú ma?
B: 不是,我是牛肉。 Bú shì, wǒ shì niúròu.

På same måte som at uttrykket 是的 shìde kan brukast til å stadfeste at noko stemmer / er rett – sjølv om verbet som er brukt i diskursen, er eit anna – kan 是 shì òg brukast til å referere til at situasjonen vedkomande er involvert i, gjeld for han/ho òg, og ikkje nødvendigvis at han/ho er det situasjonen dreier seg om. I eksempelet over er ikkje person A ein fisk og person B eit stykke biffkjøt, men A er eit tilfelle av ein som et fisk, og B er eit tilfelle av ein som et biff. Å tolke orda bokstaveleg ville vore heilt absurd, men konteksten gjer ofte tydinga tydeleg. Dette grammatiske fenomenet er veldig vanleg på kinesisk. «Vanlege ord» som «å vere» har gjerne ein vidare bruk, og dette krev litt øving å bli vand med.

7. 对…(不/没有)感兴趣

Dette er eit fast mønster på kinesisk for å uttrykkje at ein er interessert i noko: «Å (ikkje) interessere seg for …»

你对什么感兴趣?

Nǐ duì shénme gǎn xìngqù?

«Kva interesserer du deg for?»

我对做生意不感兴趣。
Wǒ duì zuò shēngyì bù gǎn xìngqù.
«Eg er ikkje interessert i å drive med forretningsverksemd.»

8. Verb som attributt

I tillegg til at både tilstandsverb og andre nomen kan stå framfor eit anna nomen (kjerna i ein nominalfrase) og beskrive/avgrense tydinga av det på ein eller annan måte, kan også verb stå framfor nomen for å beskrive det. I slike tilfelle fungerer verbet som attributt til det påfølgjande nomenet og MÅ alltid etterfølgjast av 的 de. Eksempel:

好玩的工作  – «morosamt arbeid» (tilstandsverb)
hǎowán de gōngzuò

老师的工作 – «lærararbeid» (nomen)

lǎoshī de gōngzuò

喜欢的工作 – «arbeid som ein liker» (verb)
xǐhuan de gōngzuò

9. Nominalfrasar vs. relativsetningar

Vi har tidlegare beskrive forholdet mellom eit attributt og ei kjerne, som saman utgjer ein nominalfrase. Grunnen til at dette er viktig å forstå på kinesisk, er at attributtposisjonen i ein nominalfrase ofte inneheld element vi ville plassert andre stader i ei tilsvarande norsk setning. Eksempel:

喜欢



工作

like

de

arbeid

«jobb ein liker»



地方

dra

de

stad

«stad ein dreg»

Setningar som på norsk ville vore såkalla relativsetningar (som-setningar), er ofte nominalfrasar på kinesisk, med verb som attributt:

«Eg ønskjer å finne ein jobb som eg liker.»


我想找一个我喜欢的工作。
Wǒ xiǎng zhǎo yí ge wǒ xǐhuan de gōngzuò.

«Eg liker ikkje staden du dreg til.»
我不喜欢你去的地方。

Wǒ bù xǐhuan nǐ qù de dìfang.

10. Deskriptive komplement

你唱歌唱得非常好。 Nǐ chànggē chàng de fēicháng hǎo.

Her har vi det første eksempelet på ein viktig grammatisk kategori på kinesisk, nemleg komplementa. Det finst fleire typar av desse, og dei er nødvendige på kinesisk for å uttrykkje ei rekkje ting, i dette tilfellet korleis ei handling blir vurdert/observert. Setningsstrukturen er som følgjer:

verb

objekt

verb

beskr.


chàng


chàng

de

非常好

fēicháng hǎo

Hvis verbhandlingen det er snakk om, er kjent ut fra konteksten, kan strukturen forenkles slik:

verb

beskriving

chàng

de

非常好

fēicháng hǎo

Dersom verbhandlinga ikkje er kjend ut frå konteksten, som er tilfelle i dialogen her, må verbet (med objektet) først nemnast som tema for utsegnet og derfor komme heilt først i setninga.

他吃饭吃得很慢! – Han et veldig sakte!
Tā chīfàn chī de hěn màn!

她学中文学得很快! – Ho lærer kinesisk veldig fort!
Tā xué zhōngwén xué de hěn kuài!

I siste setning kan ein utelate 学中文 etter 她, så sant det både for talaren og lyttaren er openbert at ein snakkar om å studere kinesisk.

Denne typen komplement blir kalla for eit deskriptivt komplement. Eit komplement (må ikkje forvekslast med eit «kompliment»!) er ein struktur der ein gir tilleggsinformasjon om verbet (men der informasjonen grammatisk blir plassert etter verbet, til forskjell frå adverbiale ledd, som står framfor verbet).

Skrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017