Oppgave
Ung og gammal i Kina – studiespørsmål
Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lest artikkelen Ung og gammal i Kina. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel til å finne svar på spørsmåla. Diskuter i klassen.
- Er status og roller for unge og gamle i det tradisjonelle Kina særleg forskjellige frå slik dei var i våre tradisjonelle samfunn?
- Alle samfunn har sine generasjonskonfliktar, men i Kina snakkar ein om at unge og gamle lever i forskjellige tidsaldrar. Kva inneber det når det gjeld forholdet mellom generasjonane?
- Dersom du kjenner nokre unge kinesarar, høyr med dei om dei meiner det som er skrive her om unge og gamle, stemmer.
Relatert innhald
Fagstoff
Ung og gammal i KinaI Kina er det å vere ung og det å vere gammal to heilt forskjellige tilvære.