Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Forklaringar til vokabular i leksjon 3

Under følger forklaringar til vokabular i dialogen "Familie".

1. liǎng

Kinesisk har to ord for talet to, èr og liǎng. liǎng blir brukt der ein òg bruker eit målord, elles blir èr brukt. Unntaket er dersom det som kjem framfor målordet er eit tital, som i 二十二 èrshí’èr. Her vil ein bruke èr sjølv om det blir etterfølgt av eit målord, til dømes 二十二个人 èrshí’èr ge rén, ikkje *二十两个人 èrshíliǎng ge rén.

2. 兄弟姐妹 xiōng-dì-jiě-mèi

"(Store)bror – veslebror – storesøster – veslesøster". På kinesisk blir ofte relaterte ting lista opp på denne måten og utgjer faste uttrykk. 兄弟姐妹 xiōng-dì-jiě-mèi tilsvarer uttrykket "søsken", og vi bruker det til dømes når vi spør om nokon sine familiemedlemar. Vi kan òg snakke om berre 兄弟 xiōngdì eller 姐妹 jiěmèi, dersom vi berre snakkar om det eine versus det andre. Merk likevel at dersom vi snakkar om spesifikke søskenforhold, heiter det høvesvis 哥哥 gēge, 弟弟 dìdi, 姐姐 jiějie og 妹妹 mèimei. xiōng er eit klassisk ord for storebror. 哥哥 gēge er det vanlegaste ordet for storebror i daglegspråket.

3. de

Markøren de blir som regel ikkje brukt når vi uttrykkjer forholdet vårt til familiemedlemar. Elles er den naudsynt. Vi seier ikkje *我狗 wǒ gǒu – "hunden min" – eller *我车 wǒ chē – "bilen min". Vi kan derimot seie 我爸爸 wǒ bàba – "faren min", sidan det dreier seg om nære relasjonar.

4. zhēn

zhēn er eit adverb som betyr "verkeleg, veldig". Det blir brukt for å vektlegge høg grad av noko. Som vi har vore innom tidlegare, betyr hěn òg "veldig", men i dei fleste setningar med tilstandsverbpredikat, altså der subjektet blir skildra av eit påfølgande tilstandsverb (utan verbet shì – "å vere"), må vi ha med hěn utan at dette nødvendigvis uttrykker betydninga "veldig". Det er berre dersom hěn er trykksterkt, altså at vi tydeleg legg trykk på ordet hěn når vi seier det, at det faktisk betyr "veldig". zhēn betyr derimot alltid "veldig", og er sterkare enn hěn.

Relatert innhald

Familie

Slik snakkar du om familien din på kinesisk.

Skrive av Øystein Krogh Visted.
Sist oppdatert 01.09.2026