Oppgåve
Kinesisk film – studiespørsmål

Lǐ Lìhuá spelte i over 120 filmar i løpet av den 38 år lange karrieren.
Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Kinesisk film. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel til å finne svar på spørsmåla. Diskuter i klassen.
Tradisjonell kinesisk film har vore tett knytt opp mot den turbulente politiske historia i landet gjennom det 20. hundreåret. Leit opp informasjon om divaen Lǐ Lìhuá 李丽华 som eit eksempel på ein turbulent karriere.
- Kvifor har kvinnelege kinesiske filmskaparar hatt så store problem med å nå ut både i Kina og i utlandet?
- Viss du nyleg har sett ein kinesisk film, har du vore klar over kvar og korleis han har blitt produsert?
Relatert innhald
Kinesisk film
Opera og kampkunst er to element som har prega kinesisk film opp gjennom historia. Her skal vi sjå kort på kinesisk film.