Forklaringar til grammatikk leksjon 1

1. 们 -men
们 -men er eit bunde morfem, som betyr at det ikkje kan stå åleine i ei setning, og vanlegvis står det etter personlege pronomen (eg, du osb.). Kombinasjonen av eit pronomen med 们 -men gjer det til fleirtall, til dømes 我 wǒ – "eg", 你 nǐ – "du" → 我们 wǒmen – "vi", 你们 nǐmen – "de" og så bortetter.
Vanlege nomen blir ikkje brukt med 们 -men, for på kinesisk blir nomen tolka som eintal eller fleirtal avhengig av konteksten, utan at dette nødvendigvis blir reflektert i ordet si ytre form eller blir gjort eksplisitt på ein annan måte.
2. 什么 shénme
什么 shénme betyr "kva" og er eit spørjeord/spørjepronomen. Det blir plassert på den staden i setninga kor eit eventuelt svar ville ha stått. Som svar til til dømes 你姓什么? Nǐ xìng shénme?, kjem altså svaret i same posisjon som 什么 shénme står i:
– Nǐ xìng shénme?
– Du heiter kva?
– Wǒ xìng Lǐ.
– Eg heiter Li.
Når ein vil spørje om kva ein viss ting er, i dette tilfellet eit namn, kjem 什么 shénme framfor nomenet ein vil ha beskrive/identifisert, altså:
"Du heiter kva namn?" ≈ "Kva heiter du?":
你叫什么名字? Nǐ jiào shénme míngzi?
eller:
"Du et kva mat?" ≈ "kva slags mat et du?"
你吃什么饭? Nǐ chī shénme fàn?
3. 呢 ne
呢 ne er ein såkalla spørsmålspartikkel. Han blir vanlegvis brukt når ein vil rette same spørsmål mot ny person. Det vil seie at i staden for å gjenta heile det same spørsmålet som kjem i setninga før, bruker ein heller berre 呢 ne etter nytt pronomen så lenge spørsmålet er uendra. Konteksten er normalt allereie tydeleg (i dette tilfellet utveksling av namn) der kor ein bruker 呢 ne.
I staden for å seie …
– 我姓李,你贵姓?
– Wǒ xìng Lǐ, nǐ guì xìng?
... kan ein heller seie ...
– 我姓李,你呢?
– Wǒ xìng Lǐ, nǐ ne?
... fordi 我姓李 Wǒ xìng Lǐ allereie har definert at konteksten dreier seg om etternamn.
Bruker ein 呢 ne, blir dette ofte omsett til norsk med "Kva med …?" eller "Og … då?".