Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Leksjon 5: Hobbyar

Fagstoff

Førebuing til leksjon 5

Leksjon 1: Hobbyar

Førebuing

准备
Zhǔnbèi

Dette bør du kjenne til på førehand:

  • korleis du spør og fortel om det er lett eller vanskeleg å lære eit språk

  • korleis du uttrykkjer grunnar til at eit språk er lett eller vanskeleg

  • korleis du seier at du liker å studere eit språk eller ikkje

  • særtrekk ved det kinesiske skriftspråket

  • kinesisk familiestruktur

Dette skal du lære:

Språk:

  • å spørje om andre sine og fortelje om eigne hobbyar og interesser

  • å uttrykkje om du liker ein aktivitet eller ikkje

  • å fortelje kva slags film og musikk du liker

  • å føreslå å gjere noko saman med andre i dag eller i morgon

  • å avslå eller akseptere ein invitasjon om å bli med på ein aktivitet

  • å grunngi kvifor du ikkje har tid til å delta i ein aktivitet

Språk, samfunn og kultur:

  • kinesiske ungdommar sine fritidssysler

Før du starter, tenk igjennom følgende:

  • Kva slags fritidssysler liker norske ungdommar å halde på med?

  • Kva slags fritidssysler trur du kinesiske ungdommar liker å halde på med?

  • Har hobbyar og interesser noko med kultur å gjere?

Skrive av Ole Fossgård.
Sist oppdatert 06.11.2025