Det kinesiske pengesystemet - Kinesisk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Det kinesiske pengesystemet

Har får du ei innføring i det kinesiske pengesystemet.

Den kinesiske valutaen heiter 人民币 rénmínbì – «folkets valuta» – og forkortinga er RMB. Tilsvarande ei «krone» har vi eininga yuán, som vidare kan inndelast i 10 jiǎo og 100 fēn. Den største seteleininga er 100 yuán, og den minste mynteininga er 1 fēn. yuán blir òg uformelt kalla for kuài og jiǎo uformelt for máo.

Den vanlege formelen for å spørje om prisen på noko er som følgjer:

A……(要)多少钱? … (yào) duōshao qián? – «Kor mykje kostar …?»

B……(要)十块钱 / 十元。 … (yào) shí kuài qián/shí yuán – «… kostar ti yuan.»

Bruker vi kuài, er det vanleg å ha ordet for «pengar», qián, på slutten av summen. Dette har vi vanlegvis ikkje viss vi bruker yuán, som er meir formelt.

Elles fungerer det kinesiske talsystemet logisk saman med valutasystemet, slik at f.eks. 10 000 RMB på kinesisk blir 一万元 yíwàn yuán, og ikkje *十千元 shíqiān yuán, osv.

Skal vi uttrykkje ein kompleks pengesum, kjem einingane lineært etter kvarandre, à la slik vi uttrykkjer årstal. Eksempel:

9,99 RMB = 九块九毛九分钱 jiǔ kuài jiǔ máo jiǔ fēn qián

Det siste elementet, som kan vere qián – «pengar» – eller einingane máo eller fēn, blir ofte utelate.

九块九毛九分钱 jiǔ kuài jiǔ máo jiǔ fēn qián, som tyder «9,99,–»,

… kan òg uttrykkast slik:
九块九毛九分 jiǔ kuài jiǔ máo jiǔ fēn

… og slik:
九块九毛九 jiǔ kuài jiǔ máo jiǔ

Viss vi utelèt máo eller fēn, kan vi ikkje ha med qián på slutten.

Tiar-einingar må òg uttalast, slik at «111,–» blir 一百一十一块钱 yìbǎi yìshíyī kuài qián / 一百一十一元 yìbǎi yìshíyī yuán.

Líng – «null» – blir uttalt der vi har ein intern null i ein pris. Eksempel:

九块零九分 jiǔ kuài líng jiǔ fēn – «9,09,–».

Skrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017