Kina som forbrukarsamfunn - Kinesisk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kina som forbrukarsamfunn

I utleggingane til den gamle kinesiske filosofen Mèngzi 孟子 frå 300-talet f.v.t. spør ein konge tenkaren om han kan tilby kongen noko som er lønsamt for landet hans. Tenkaren avviser ein slik tankegang og seier at det einaste han har å tilby, er medmenneskelegheit og rettskaffenheit.

Tankane til Mèngzi har hatt stor innverknad opp gjennom tidene. Handelsfolk, dei som berre tenkte på lønsemd, stod langt nede på den sosiale rangstigen i det tradisjonelle Kina.

Korleis kan det så ha seg at kinesarar i dag ser på «forbruk», xiāofèi 消费, som eit svært positivt lada ord? Litt av forklaringa er at mange kinesarar har vore dyktige handelsfolk. Det gjaldt derimot folk frå kystnære område i den sørlege delen av Kina, der emigrantane kom frå. I det indre av Kina har den gamle samfunnstenkaren framleis hatt stor innverknad. Men når ein beveger seg så raskt ut av fattigdommen som Kina har gjort siden 1980-talet, er det klart at forbruk er eit viktig symbol på nettopp det.

Plan og verkelegheit

Då underteikna studerte i Kina på midten av 70-talet, var butikkar offentleg drivne, og det fanst knapt nokon marknad med tilbod og etterspurnad. Forbruksvarer blei produserte og distribuerte etter ein plan, som slett ikkje alltid fungerte etter intensjonane. Som eit resultat av dette var fattigdommen ganske jamt fordelt. Men rasjonering av viktige varer sørgde for at folk fekk eit minimum for å kunne leve eit anstendig liv, spesielt rundt viktige høgtider som det kinesiske nyttåret.

Vareutvalet var med andre ord så som så, og alle varene var bak ein disk. Der stod det ofte uengasjerte ekspeditørar. Og om du som ny student enno ikkje hadde lært deg uttrykket méiyǒu 没有, «har ikkje», lærte du det raskt når du spurte ekspeditørane om noko. Det var tynt med grønsaker i eit vinterkaldt Beijing. Det gjekk mest i kinakål, som er lett å lagre naturleg. Men om sommaren rann det strie straumar med «vatn» frå haugar av vannmelonar i gatene. Desse delte ein nemleg opp og åt der og då for å kjøle ned ein overoppheta kropp i den kvelande sommarvarmen i Beijing.

Statusvarer

Likevel var forbruk noko som folk strekte seg etter – i det små. Den viktigaste grunnen til det var truleg at status i det tradisjonelle kinesiske samfunnet hadde svært mykje å seie, og dette blei vidareført i nye former under det sosialistiske systemet. Ein annan viktig grunn var at den raske industrialiseringa av Kina på 50-talet med sovjetisk hjelp gjorde masseproduserte forbruksvarer tilgjengeleg for mange for første gong.

Kvar epoke hadde statusgjenstandar dei fleste trakta etter, eller «dei tre ein må ha», sānge xūyào 三个需要, som det heitte (nokre gonger også fire). Frå 50-talet til 70-talet dreidde det seg om eit armbandsur, ein sykkel og ei symaskin. Men eit armbandsur var for mange på 50-talet uoppnåeleg, og då satsa ein heller på å spare til eit par lærsko. På 80-talet var det fjernsynsapparat, kjøleskap og vaskemaskin som gjaldt, på 90-talet eigen telefon, PC og airconditioning, og på 2000-talet strekte ein seg etter eiga leilegheit, bil og god utdanning for barna sine. I dag har det spreidd seg til mange variantar, som forslag til fire appar unge ikkje kan klare seg utan.

Økonomisk omdanning og forbruksmønster

Då økonomiske reformer blei sette i verk på starten av 80-talet, var det ikkje tilfeldig at Kommunistpartiet avgjorde at kystområda, særleg frå Shanghai og sørover, skulle bli motoren i den økonomiske omdanninga. Det var dei same områda som tradisjonelt hadde hatt ein kystnær handelskultur.

Utanlandske investeringar gjekk først og fremst til lettindustrien, som produserte forbruksvarer. Dei var i stor grad meint for eksport (såkalla eksportretta utviklingsstrategi), men fekk store ringverknader også innad i landet.

Frå nesten å ha vore heilt fråkopla all internasjonal forbruksvarehandel fram til slutten av 70-talet, ligg Kina i dag i teten globalt når det gjeld å produsere forbruksvarer. Mykje av det kjem kinesiske forbrukarar til gode. Forbruksmønsteret varierer mykje utover landet og mellom forskjellige aldersgrupper. Dei dominerande trekka i urbane område er likevel at kinesarane bruker mykje meir (nesten halvparten av inntekta) på mat og klede enn vi gjer, og meir på mat enn på bustad. Det at dei legg så stor vekt på mobilitet, velvære og underhaldning, gir òg tydelege utslag på statistikken. Mesteparten av det folk bruker på mat går med til å lage mat heime. Ikkje overraskande er det unge vaksne som oftast et ute. Også språket blir i høgaste grad forma av den nye forbrukskulturen, med masse nyskapingar og slanguttrykk.

Baksida av medaljen

Den raske utviklinga av forbruksvarer har derimot òg sine mørkare sider. I dei siste åra har det blitt avdekt ei rekkje svært alvorlege eksempel på kynisk spekulasjon frå matvareprodusentar, som bruker skadelege erstatningar i maten. Det står dårleg til med offentleg mattilsyn i Kina. Spørsmålet om mattryggleik er no det vanlege kinesiske forbrukarar uroar seg mest for, og det har resultert i omfattande protestar frå forbrukarar som har blitt ramma. Andre reiser gladeleg til Hongkong, Japan eller Sør-Korea for å kjøpe inn strategisk viktige matvarer, om dei har høve til det.

Kinesiske turistar er elles blitt kjende for å opne pungen når dei besøkjer utlandet, og ein viktig grunn til det er at dei gjerne vil sikre seg «trofear», det vil seie produkt som dei kan vere sikre på at ikkje er piratkopiar.

Eit anna viktig trekk er den omfattande piratkopieringa av nærmast alle slags forbruksvarer. Både produkt som er eigenutvikla i Kina, såkalla gúochǎn 国产, og importerte produkt blir kopierte. Her kan ein finne alt frå dårleg tilverka produkt, hánghuò 行货, til gode kopiar av meir sofistikerte forbruksvarer, gāofǎng 高仿, gjerne av utanlandsk opphav.

Eit populært fellesnamn på slike masseproduserte imitasjonar er shānzhài 山寨, som eigentleg tyder «befesta fjell-landsby». Uttrykket blei først brukt om produkt av låg kvalitet som blei framstilte ved meir avsidesliggjande fabrikkar i Hongkong på 50- og 60-talet, shānzhàichǎng 山寨厂, som dei dåverande engelske styresmaktene såg gjennom fingrane med. Denne praksisen og uttrykket spreidde seg først til dei spesielle økonomiske sonene som blei oppretta nær Hongkong og Macao tidleg på 80-talet, og deretter vidare utover landet. Piratproduserte mobiltelefonar er særleg blitt storbusiness på denne måten. I 2015 blei det estimert at minst 300 millionar smarttelefonar var piratkopiar.

Ny marknad for mange

Piratkopiering stod med andre ord for ein stor del av veksten i den kinesiske forbruksindustrien. Og kinesiske styresmakter har for det meste sett gjennom fingrane med denne praksisen. Ei viktig årsak til det er at denne verksemda er nyskapande på den måten at ho sysselset mange. Ho har dessutan gjort at folk som elles ikkje ville hatt høve til å kjøpe slike produkt, no kan det, og har dermed bidrege til å gjere folk fornøgde med livet. Baksida av dette fenomenet er at det òg bidreg til å sementere sosiale ulikskapar. Ein mann som ein australsk forskar intervjua i 2010, brydde seg lite om det:

«Vi kjøper ikkje berre shānzhài-telefonar, vi kjøper òg shānzhài-klede, shānzhài-klokker, shānzhài-kjøkenreiskapar, shānzhài-belte – alt som er etterlikningar av merkeprodukt. Vi liker å kjøpe alt mogleg som er shānzhài. Det er ikkje slik at vi ikkje veit at det er etterlikningar og av dårleg kvalitet. Vi har rett og slett ikkje råd til dei originale tinga. Men vi er forfengelege, vi òg. Så vi kjøper shānzhài-kopiar – sånn for å vise oss.»

Og kva ville vår mann sagt om formaningane til den gamle filosofen Mèngzi? Kanskje at tilgang til shānzhài-varer er medmenneskelegheit og rettskaffenheit nok for han?

Relatert innhald

Skrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2017