Rollespel og idéutvikling

Pessimisten versus optimisten
Leik med replikkvekslingar får opp ein del moglegheiter og idéar. Utfordringane med ein idé blir avdekte og er nyttige å ha med seg vidare. Poenget er altså ikkje å drepe idéar, men vri rundt på dei.
Eit av dei enklaste rollespela er pessimisten versus optimisten. Sjå for dykk eit rollespel med to karakterar som diskuterer ein reklame for ein ny deodorant for ungdom.
Replikkvekslinga kan føregå som følger:
Optimisten: Vi kan ha ei mor som seier til sonen: "No luktar du, ta på deg denne deodoranten!"
Pessimisten: Nei, det er ukult med ei mor som seier det.
Optimisten: Vi kan ha ei jente som ikkje dusjar etter gymmen, men tek på deodorant i staden.
Pessimisten: Nei, det er jo ekkelt og uhygienisk, det kjem vi ikkje gjennom til målgruppa med.
Optimisten: Vi har ein kjærast som seier til kjærasten sin: «Å, så godt du luktar!»
Pessimisten: Nei, det vil jo ikkje vere direkte knytt til deodoranten.
I grupper på tre kan de setje opp pessimisten versus optimisten og òg ha med ein dommar som får det siste ordet og samanfattar dialogen mellom pessimisten og optimisten.
Dersom det er vanskeleg å komme nokon veg i rollespelet, kan det vere lurt å gå tilbake til grunnproblemet. Har de klart for dykk eit problem som idéen dykkar skal løyse? Prøv eventuelt ulike formuleringar av problemstillinga.
I alle variantar av rollespel er det lurt å køyre ein oppvarmingsrunde først, og dessutan køyre fleire rundar, der de byter roller.
Møtest ved vassholet

I program om dyr på tv har du sett at ved vasshol møtest mange ulike dyreartar for å sløkke tørsten. I rollespelteknikken møtes ved vassholet er poenget at menneske med ulik bakgrunn vil ha ulike syn på ein idé og kan tilføre noko nytt og annleis.
Etter at du har pitcha idéen din, gir du deltakarane ved vassholet ulike roller:
- Ein synest idéen er bra, og forsvarer han.
- Ein er oppteken av kva som kan gjere idéen betre.
- Ein er den som treng idéen, og stiller spørsmål til korleis den skal løyse problema.
Seks tenkehattar
Seks tenkehattar er basert på parallelltenking; alle i gruppa prøver å ha same rolle og tankesett samtidig. Idéutviklinga blir delt inn i fasar der de vekslar mellom kva slags roller og fokus de skal ha som gruppe.
Tips
- Start med det området de trur vil ta mest tid. Viss de jobbar med eit tema som har mykje kjensler knytt til seg, kan det vere lurt å byrje med raude hattar. Då får de gjort tydeleg kva kjensler gruppemedlemmane har rundt idéen. Viss det er eit meir nøytralt tema, kan det lønne seg å starte med kvite fakta-hattar for å få ei felles forståing av kva saka handlar om, og kva de veit.
- Uansett kva område de jobbar med, er det viktig at ingen tek ei anna retning enn det de har avtalt. Det er ikkje tillate for éin enkelt å byte modus utan at heile gruppa gjer det saman.
For å hjelpe alle med å fokusere kan det vere ein idé faktisk å ha på seg farga luer eller hattar. Alternativt kan de legge ein farga gjenstand på bordet mellom dykk eller ha den aktuelle fargen oppe på ein skjerm som alle kan sjå.

blå hatt: oversikt og kontroll. Denne bruker de i starten og slutten av prosessen.
kvit hatt: fakta og opplysningar. Her deler de objektivt alt de veit om temaet de jobbar med.
gul hatt: moglegheiter og visjonar. Her ser depå konstruktive moglegheiter og opnar for håp, visjonar og draumar.
svart hatt: utfordringar. Kva kan gå gale, kva ulemper kan idéen føre med seg?
raud hatt: kjensler og intuisjon. Kva kjenner de rundt temaet, utan at de heilt kan forklare det?
grøn hatt:kreativitet og løysingar. Her skal de komme med løysingsforslag eller alternativ.