Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Tilleggsstoff

Idéfasen - ressurssamling

I denne fasen er det lurt å samarbeide med andre og bruke ulike kreative metodar. Denne fasen kallast òg JA-fasen. Her er ingen idéar dumme. La fantasien løpe fritt, alt er lov!

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Tankekart, moodboard og idékart er gode verktøy for å kome på mange ulike idéar. Samarbeid, assosiasjon, leik, kreativ dialog, humor, eksperimentering, idémyldring og idédugnad er kreative metodar som får fantasien til å løpe løpsk. Under kan du finne fagstoff og oppgåver knytte til idéfasen.

Relatert innhald

Moodboard

Moodboard visualiserer idéar. Saman med tankekart og notat kan dei gjere idéen din tydelegare.

Skrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist oppdatert 14.02.2020