Oppgåve
Presenter ei klagesak
I denne oppgåva skal de finne døme på klagesaker og presentere ei av desse for klassa. Jobb gjerne i grupper på to–fire personar.

Ei klagesak kan til dømes oppstå dersom ein kunde blir lova noko som skaper forventningar om ein ferie à la denne, men endar opp på eit hotell utan basseng, langt frå sjøen.
Oppgåve
Det finst mange døme på klagesaker i samband med kjøp av varer og tenester. Utforsk ulike klagesaker, og vel ut éi klagesak.
Vis til relevante lover, med aktuelle paragrafar, for klagesaka.
Presenter klagesaka for resten av klassa, og diskuter saka.
Relatert innhald
Forbrukarkjøpslova
Forbrukarkjøpslova gjeld ved forbrukarkjøp, som er sal av ei vare frå ein yrkesseljar til ein forbrukar som skal ha vara til personleg bruk.
Pakkereiselova
Pakkereiselova gjeld for samansette reisearrangement og pakkereiser.