Nordiske land som merkevarer - Innovasjon og marknadsføring (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Nordiske land som merkevarer

Dei nordiske landa blir oppfatta som ganske like av utanlandske turistar. Kvart av landa har jobba fram merkevara si, og dei aller fleste kjenner vel til omgrepet "Det er dejlig å være norsk i Danmark"? Kva er Noregs styrke i konkurransen om turistane?

Turistattraksjonar

Utanlandske turistar opplever dei nordiske landa som ganske like. Korleis presenterer landa seg for turistane? Kva gjer nabolanda våre for å lokke til seg turistar? Kva oppfattar turistane som attraktivt?

Turistattraksjonar kan vere stader, gjenstandar og hendingar som har spesiell interesse for turistar. Typiske døme er historiske stader, monument, dyreparkar, underhaldningsparkar, museum og kunstgalleri, byggverk (slott, skyskraparar, bruer), nasjonalparkar og natur.

I nærleiken av turistattraksjonane er det gjerne ein høg konsentrasjon av servicetenester retta mot turistane.

Kva er ein turistattraksjon?

Les meir om turistattraksjonar på Wikipedia

Merkevara Noreg

Noreg er eit attraktivt ferieland og eit populært reisemål for besøkjande både frå nabolanda våre og frå resten av verda. Mange danskar besøkjer Noreg i vinterferien for å stå på ski, men den største delen av turistane kjem i sommarsesongen. Det er først og fremst natur og kultur utanlandske turistar ønskjer å oppleve i Noreg, og fjordane på Vestlandet er veldig populære.

Relatert innhald

Fagstoff
Merkevara Noreg

Har du nokon gong tenkt på at Noreg er ei merkevare og har ein nasjonal merkevarestrategi? Kva tenkjer du kjenneteiknar merkevara Noreg?

Merkevara Sverige

Sverige er det ferielandet nordmenn besøkjer mest, og eit populært reisemål for heile familien. Mange nordmenn reiser rett over landegrensa for å handle, då prisane generelt er lågare i Sverige enn i Noreg.

www.visitsweden.com kan du lese korleis Sverige presenterer seg som turistland.

Merkevara Danmark

Med lun humor og sjølvironi har den rundt 20 år gamle kampanjen "Det er dejlig å være norsk i Danmark", som du kan sjå på YouTube, etablert seg som ein av Danmarks sterkaste merkevarer. Dei siste åra har talet på norske overnattingar i Danmark lege stabilt på ca. 2,5 millionar per år.

Kva er det som gjer det så godt å vere norsk i Danmark? Er det eit godt glas blant gode vener? Er det dei herlege, høge smørbrøda? Er det den danske haldninga til det gode livet? Er det dei endelause, kvite strendene? Er det feststemninga?

Lista er lang. Kva er ditt Danmark? På Facebook oppmodar den danske turistorganisasjonen oss til å sende inn minne, opplevingar og bilete frå reiser rundt omkring i Danmark.

Hos VisitDenmark kan du lese meir om korleis Danmark presenterer seg som turistland.

Merkevara Finland

Nesten to tredelar av Finland er dekt av skog, og med sine 187 000 innsjøar er Finland det landet i verda som har flest innsjøar i forhold til storleiken.

Her er eit døme på kva landet legg vekt på for å tiltrekkje seg turistar:

«Finland is full of interesting contrasts, such as the four seasons, the midnight sun and the period of darkness, urban and rural, East and West – you name it.»

Finland utfordrar Noregs «eigedomsrett» til midnattssola og nordlyset som turistmagnet. Hos VisitFinland kan du lese meir om korleis Finland presenterer seg som turistland.

Merkevara Island

Island er ei vulkansk øy og veldig ulik dei andre nordiske landa. Øya er ein republikk, og ho ligg like sør for Polarsirkelen. Det meste av landskapet består av store lavaområde og mange isbrear.

Geysirar, vulkanar, varme kjelder, islandshestar og eit landskap som har vorte populært gjennom TV-serien Game of Thrones, har ført til ein skikkeleg turistboom til øya.

Øya er spesielt kjent for attraksjonen Den blå lagunen, som har bidrege til Islands popularitet. I filmsnutten "Welcome to the Blue Lagoon Iceland" på YouTube kan du sjå korleis turistattraksjonen presenterer seg for turistar (berre engelsk tekst).

Filmen handlar om

Denne vesle videosnutten viser kva du som turist skal gjere når du besøkjer Den blå lagunen. Vi følgjer eit ungt par frå dei kjem til attraksjonen, gjennom innsjekk, garderobar, bad og behandling til utsjekk og matservering.

Skrive av Cathrine Meyer Johansen og Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.02.2019