Klima- og CO2-kvotar - Innovasjon og marknadsføring (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Klima- og CO2-kvotar

Sett deg godt inn i problemstillinga til det fiktive flyselskapet MooseAir, og utarbeid ein marknadsstrategi for selskapet. Det er ingen fasit, men forsøk å byggje opp ein logisk argumentasjon for det du tilrår, basert på god informasjon og grundig refleksjon. Skriv kort, godt og presist.

Det nystarta flyselskapet "MooseAir"

MooseAir er eit nyleg starta flyselskap som skal frakte passasjerar mellom ulike destinasjonar i Europa. Flyselskapet er svært klar over dei konsekvensane flytrafikken har for miljøet, og ønskjer å posisjonere seg som eit flyselskap med stort miljøsamvit. Dei tenkjer mellom anna at dei skal inkludere og synleggjere CO2-kvotar for kvar flybillett som blir seld.

I tillegg skal dei berre bruke materiale som kan resirkulerast i flyinteriør, uniformer og produkt som blir brukte i drift under flyginga. MooseAir har investert i nye fly som er bygde i eit spesielt lett materiale, og som er svært slanke og straumlinjeforma, og dei bruker derfor lite drivstoff.

Oppgåve

Set deg inn i flytrafikkbransjen, og skriv ein bakgrunn som gir innsikt i korleis bransjen opererer, og i kva slags miljøutfordringar dei står overfor.

Lag ein marknadsstrategi for MooseAir der du beskriv korleis dei skal marknadsføre seg for å posisjonere seg som det flyselskapet dei vil vere.

Oppgåva bør innehalde

  • ei kort oppsummering av problemstillinga og konklusjonen i oppgåva
  • innleiing og bakgrunnsinformasjon
  • diskusjon og argumentasjon
  • ein marknadsstrategi med mål, målgruppeval og ein marknadsplan
  • ei oversikt over korleis berekrafts- og miljøpåstandar kan brukast i marknadsføringa i samsvar med lova
  • ein eventuell aktivitetsplan som beskriv marknadsaktivitetane i ein gitt periode
  • ein konklusjon

Bruk gjerne skjemaet ovanfor når du løyser oppgåva.

Lykke til!

Skrive av Live Marie Toft Sundbye og Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2017