Oppgåve
Attraksjonar
Kva er ein attraksjon? Og kva verdi har attraksjonar for reiselivsdestinasjonar?
Denne læringsressursen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Kvalsafari ved Kvaløya utanfor Tromsø
I denne oppgåva kan du jobbe åleine eller saman med ein klassekamerat.
Oppgåve 1
- Kva er ein attraksjon, og kvifor er det viktig for ein reiselivsdestinasjon å ha attraksjonar?
- Kva var dei ti mest populære attraksjonane i Noreg i fjor?
- Vi deler attraksjonane inn i tre ulike kategoriar. Kva blir desse kalla, og kva er forskjellen?
- Dersom du skulle ha reist på noregsferie, kva for ein norsk attraksjon ville ha vore primærattraksjonen din, og kvifor?
- Kva attraksjonar finst på heimstaden din?
- Kor viktige er attraksjonar for reiselivet i regionen din?
Oppgåve 2
Attraksjonar kan vere mykje ulikt. Felles for attraksjonar er at dei tiltrekkjer reisande som ønskjer å oppleve noko dei har sett eller høyrt om. Attraksjonar handlar mellom anna om opplevingar, og dei kan delast inn i ønsket om å sjå, gjere, lære, vere og nyte.
Planlegg ein noregsferie der du legg inn attraksjonar som gir deg
- ein eller fleire "sjå-opplevingar"
- ein eller fleire "gjere-opplevingar"
- ein eller fleire "lære-opplevingar"
- ein eller fleire "vere-opplevingar"
- ein eller fleire "nyte-opplevingar"
- Grunngi svara dine.
- Diskuter svara i klassen.
Oppgåve 3
I klassen:
- Diskuter betydninga av attraksjonar for Noreg som turistdestinasjon.
- Bruk fantasien, og lag ei liste med ti nye og innovative attraksjonar de synest at Noreg burde få for å tiltrekkje seg nye turistar.
I par:
- Vel ut ein attraksjon frå lista de laga.
- Planlegg attraksjonen, og lag eit lite notat om korleis og kvifor denne attraksjonen blir viktig for reiselivet i Noreg.
- Lag ein reklame for attraksjonen, ved hjelp av teikning og bilete de finn på internett. Reklamen skal selje attraksjonen.
- Vis fram reklamen dykkar for dei andre i klassen.

Bø Sommarland tilbyr badeland og vasspark for hele familien.