Oppgåve
Kva kjenneteiknar ein heilskapleg reiselivsdestinasjon?
Nokre reiselivsdestinasjonar har "alt og meir til". Kva kjenneteiknar ein destinasjon som tilbyr eit heilskapleg reiselivsprodukt?
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Kielferga frå Color Line Cruises
Oppgåve
Del 1: Undersøk destinasjonar
- I denne oppgåva kan de jobbe åleine eller i par.
- De skal undersøkje ulike destinasjonar som har vorte tildelte merket for å vere eit berekraftig reisemål.
- De kan velje destinasjonar frå lista under. Prøv å fordele destinasjonane mellom dykk.
- De skal identifisere kva som skil "destinasjonen din" frå dei andre. Sjå etter kva som gjer denne staden så spesiell for turistar
Del 2: Lag ein digital, interaktiv plakat
- Lag ein digital plakat om destinasjonen dykkar.
- Bruk bilete og skriv litt om dei ulike elementa som gjer denne destinasjonen til eit heilskapleg reiselivsprodukt.
Del 3: Presenter
- Presenter plakaten dykkar for klassen.