Kvifor vart det verdskrig i 1914? - Historie (vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kvifor vart det verdskrig i 1914?

I denne oppgåva skal du drøfte årsakene til første verdskrigen og kven som hadde skulda for at krigen braut ut i 1914.

Oppgåve 1

Bruk NDLA-artikkelen Bakgrunnen for første verdskrigen for å finne svar på spørsmåla.

  1. Kva for underliggande årsaker meiner du var viktigast for å forklare at det vart krig i 1914?

  2. Tyskland og sentralmaktene fekk skulda for krigsutbrotet i 1914. I kva grad meiner du dette var rett?

  3. Drøft kva som kunne vore gjort for å unngå at det vart krig i 1914.

Oppgåve 2

Nedanfor er det fire korte filmar der professor Stein Ugelvik Larsen tek for seg ulike tema som gjeld verdskrigane. Sjå filmane og svar på spørsmåla.

Film 1: Spør historikaren - historikarane sine syn på årsakene til første verdskrigen

Video: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen / CC BY-SA 4.0

Spørsmål til film 1:

  1. Korleis har ulike historikarar forklart årsakene til første verdskrigen?

  2. Kvifor trur du det finst ulike forklaringar frå tyske og ikkje-tyske historikarar?

Film 2: Spør historikaren - prinsippet om maktbalanse

Video: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen / CC BY-SA 4.0

Spørsmål til film 2:

  1. Kva meiner historikar Stein Ugelvik Larsen når han seier at prinsippet om maktbalanse er ei forklaring på verdskrigane?

  2. Finst det ei form for maktbalanse i verda i dag?

Film 3: Spør historikaren - logistikken bak krigsutbrotet

Video: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen / CC BY-SA 4.0

Spørsmål til film 3:

  1. På kva måte kan logistikken bak krigføringa vere ei forklaring på at det blir krig?

  2. I kva grad er du einig eller ueinig i denne forklaringa?

Film 4: Spør historikaren - årsakene til verdskrigane

Video: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen / CC BY-SA 4.0

Spørsmål til film 4:

  1. Historikarane er ikkje alltid einige om kvifor noko har skjedd. Kvifor er ikkje alle einige om kva som var årsakene til at ein verdskrig starta?

  2. Kvifor har synet på årsakene til krigane endra seg?

Relatert innhald

Fagstoff
Bakgrunnen for første verdskrigen

Første verdskrigen var ein verdsomspennande krig som varte frå 1914 til 1918. Kva var årsakene til utbrotet av første verdskrigen?

Skrive av Tor Ivar Utvik. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 19.02.2022