Wilsons 14 punkt og Versaillestraktaten

Førebuing
Før du gjer oppgåvene må du lese desse artiklane:
Fredsoppgjeret i Versailles i 1919
Oppgåve 1
I fredsoppgjeret etter første verdskrigen meinte den amerikanske presidenten Woodrow Wilson at sigerherrane skulle ta omsyn til sjølvråderetten til nasjonen, der nasjonalitet skulle bestemme dei nye statsgrensene.
I kva grad vart dette prinsippet følgt med tanke på Tyskland og tyskarar?
I kva grad vart dette prinsippet følgt når europakartet vart teikna opp på nytt etter første verdskrigen?
Kva konsekvensar fekk det nye europakartet i mellomkrigstida?
Oppgåve 2
Woodrow Wilson presenterte i januar 1918 dei 14 punkta sine for fred. Desse punkta skulle vere utgangspunkt for ei fredsslutning alle partar kunne leve med. Hovudtrekka i Wilsons 14 punkt er lista opp nedanfor:
Kva punkt vart følgde i Versaillestraktaten?
Kva punkt vart ikkje følgde? I så fall kvifor ikkje?
Undersøk kva straff Tyskland fekk i Versaillestraktaten. Er det noko av straffa som ikkje var nemnd i Wilsons 14 punkt?
Oppgåve 3
Eitt av Wilsons punkt var skipinga av Folkeforbundet. Den viktigaste oppgåva til Folkeforbundet var å forhindre ny verdskrig, men det vart kritisert for å ikkje ha lykkast med dette.
Kvifor lykkast ikkje Folkeforbundet med å hindre utbrotet av ein ny verdskrig?
På mange måtar er Dei sameinte nasjonane (SN) ein etterfølgar av Folkeforbundet. Undersøk kva som er likskapane og forskjellane mellom desse to organisasjonane.
Oppgåve 4
Drøft følgande påstand:
Andre verdskrigen ville ikkje skjedd om fredsoppgjeret hadde følgt Wilsons 14 punkt.