Kristendommen – opphav og utbreiing - Historie (vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kristendommen – opphav og utbreiing

Kristendommen starta som ei lita jødisk sekt som etter kvart blei statsreligion i dåtidas største imperium – Romerriket. Dei etterfølgjande viktigaste hendingane i kristendommen si historie er Det store skismaet i 1054 og reformasjonen på 1500-talet.

Byrjinga til kristendommen

Kristendommen starta som ei jødisk sekt sentrert rundt personen og læra til Jesus frå Nasaret. Jesus blei anklaga for blasfemi og avretta via korsfesting, men stod opp frå dei døde ifølgje dei næraste tilhengjarane sine, apostlane. Oppstandelsen blei sett på som bevis for at Jesus var den lova Messias nemnd i jødane sin bibel.

Videoen under gir eit kort samandrag av kristendommen si historie.

Video: Arkikon / CC BY-SA 4.0

Frå jødisk sekt til universalreligion

Ifølgje dei fire evangelia viser Jesus seg for apostlane etter Oppstandelsen. Då beordrar Jesus apostlane til å spreie bodskapen hans til alle folkeslag – dette blir kalla for misjonsbefalinga. Apostlane byrja deretter å misjonere til alle, ikkje berre jødar. Dei starta også med å organisere oldkyrkja, dvs. dei tidlegaste trussamfunna.

I tillegg til misjonsbefalinga er apostelen Paulus sentral for kristendommen si tidlegaste utvikling. Han blir rekna av fleire forskarar som kristendommens andre grunnleggjar, fordi forståinga hans av Jesu lære blei den dominerande. Det er særleg Paulus som spreier kristendommen til ikkje-jødiske delar av Romerriket.

Kristendommen blei dermed misjonerande og universal, open for alle, i motsetnad til jødedommen, som er ein etnisk ikkje-misjonerande religion. Det vil seie at det ligg i naturen til kristendommen å spreie læra til alle menneske på jorda. Dette er ein av grunnane til at kristendommen har blitt verdas største religion.

Kyrkja går under jorda

Det nye testamentet fortel at dei kristne raskt blei fleire og spreidde seg til dei fleste romerske byane i løpet av dei første hundre åra. Årsaka til det var blant anna at kristendommen si lære om tilgjeving for alle appellerte til alle samfunnslag i antikken, etter kvart også blant den romerske politiske eliten.

Apostlane leia an i den veksande misjonsverksemda. Alle apostlane, unntatt Johannes, den yngste av dei, leid martyrdøden. Det vil seie at dei blei forfølgde og avretta på grunn av trua si på Jesus Kristus som verdas frelsar, og at dei fleste nekta å ofre til andre gudar eller keisaren.

Antikken – Konstantin ryddar veg for den kristne kyrkja

På 300-talet gjennomgår kristendommen radikale forandringar.

Keisar Konstantin såg at den kristne kyrkja var godt organisert, populær i alle samfunnslag, og kunne bli ei støtte for styret hans. Derfor valde han å organisere kyrkjemøtet i Nikea i år 325, der kristne biskopar skulle bli einige om ei felles truvedkjenning.

Denne truvedkjenninga blir grunnlaget for at eitt bestemt kyrkjesamfunn, den katolske kyrkja, seinare får statsstøtte i Romerriket, i år 380. I dei etterfølgjande tiåra blir alle andre religionar og former for kristendommar forbodne, og annleistenkjande blir forfølgde og blir ikkje tolererte. Den katolske kyrkjeorganisasjonen blir meir sentralisert og får maktmonopol.

Dermed blir kyrkja eit klassisk kontrollorgan for keisarane til å samle og kontrollere befolkninga.

Mellomalderen – Skismaet mellom Østkyrkja og Vestkyrkja

Då kyrkja fekk statsmakt, starta ein utviklingsprosess som til slutt medførte ei absolutt splitting av kyrkja i 1054.

I mellomalderen blei det politisk maktkamp mellom dåtidas to mektigaste bispesete – biskopen i Roma, som etter kvart fekk tittelen pave, og erkebiskopen av Konstantinopel (dagens Istanbul), som bærer tittelen patriark. Paven ønskte å bli heile kristendommen sin leiar, men dette blei ikkje godteke i Konstantinopel. Religiøst skilte Roma og Konstantinopel seg ytterlegare ved ulike gudstenesteformer, ulikt fokus på treeininga, synd og gudserfaring.

I år 1054 bannlyste patriarken av Konstantinopel og paven i Roma kvarandre. Dette førte til ei kyrkjeleg splitting, ofte kalla Det store skisma. Austkyrkja blei kalla den gresk-ortodokse (rettruande), mens Vestkyrkja blei kalla den romersk-katolske (allmenne). Bannlysinga blei ikkje oppheva før i 1965.

Reformasjonen – Martin Luther og protestantane

Munken Martin Luther blir rekna som ein av dei viktigaste skikkelsane som igangset reformasjonen i 1517. Luther var kritisk til praksisen og læringsgrunnlaget til den katolske kyrkja, og ønskte å reformere kyrkja. Han meinte blant anna at kyrkja praktiserte ting som ikkje stod i bibelen, slik som avlatshandel.

Dette blei seinare rekna som starten på ei reformrørsle som førte til brot med den romersk-katolske kyrkja. Dermed blei Vestkyrkja delt i løpet av 1500-talet, og det oppstod mange nye kyrkjesamfunn. Desse blir kalla for protestantiske kyrkjesamfunn.

Blant desse nye har vi til dømes den evangelisk-lutherske kyrkja, basert på læra til Luther: den reformerte kyrkja, kalvinistane, basert på den strenge læra til sveitsarane Jean Calvin og Ulrich Zwingli, og Den anglikanske kyrkja, som er eit resultat av at den engelske kongen Henrik 8. brøyt med paven og den katolske kyrkja i 1534, fordi Henrik ville skiljast og gifte seg på nytt.

Moderne tid – Religionsfridom opnar for frikyrkjer

Etter reformasjonen blei det oppretta ei rekkje frikyrkjer – dvs. kyrkjesamfunn som ikkje er underlagde statlege myndigheiter. Kjende seinare døme kom frå land som England og USA, til dømes metodistane og baptistane. Andre frikyrkjer blei danna i Noreg, til dømes Brunstad Christian Church (BCC).

Nokre kristne grupper endra så mykje på trusinnhaldet, at dei av mange ikkje blir rekna som kristne. Eit døme på det er Jehovas vitner. Andre grupper, blant anna mormonane i USA, eller Jesu Kristi kyrkje av siste dagars heilage, viser til nye oppdagingar av skrifter som grunnlag for trua si (Mormons bok).

Viktige omgrep

  • apostel
  • misjonsbefalinga
  • oldkyrkja
  • misjonerande religion
  • universalreligion
  • martyrdøden
  • pave
  • patriark
  • Det store skisma
  • Den gresk-ortodokse kyrkja
  • Den romersk-katolske kyrkja
  • protestantiske kyrkjesamfunn
  • frikyrkjer
Skrive av Clemens Saers og Knut Dæhli. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019