Høgmellomalderen i Noreg

Borgarkrigstida
Borgarkrigstida var prega av mange konfliktar, særleg mellom rivaliserande kongar. Fleire ulike flokkar, som birkebeinarane og baglarane, var ueinige om kven som skulle vere konge. Vi reknar at borgarkrigstida starta med Sigurd Jorsalfares død i 1130. Sigurds son Magnus kom då i open konflikt med Harald Gille.
Borgarkrigane fekk ein liten pause frå 1163, då Magnus Erlingsson, med støtte frå kyrkja, blei krona til konge. Men konfliktane heldt fram då Sverre Sigurdsson kom til Noreg i 1177 og mobiliserte dei som fekk tilnamnet birkebeinarane. I sju år kriga Sverre mot Magnus Erlingsson.
Magnus Erlingsson fall i 1184, og Sverre blei konge. Deretter var det stillingskrig mellom kong Sverre og birkebeinarane på den eine sida og baglarane på den andre. Då kong Sverre døydde i 1202 ønskte han forsoning, men det tok framleis noko tid før det blei fred.
Håkon Håkonsson
Birkebeinarane og baglarane blei samde ved Kvitingsøy i dagens Rogland i 1208. Då fordelte dei landet mellom seg. Birkebeinarane skulle styre Vestlandet og Trøndelag, og baglarane Viken og Austlandet. Framleis hadde dei kvar sine kongar.
Etter at både birkebeinarkongen og jarlen til baglarane døydde i 1217, blei partane einige om å velje kong Sverres soneson, Håkon Håkonsson, til konge, mens baglaranes Skule Bårdsson blei jarl. Det kom likevel til trefningar mellom Håkon og Skule Bårdsson. Då Skule Bårdsson til slutt blei drepen av birkebeinarane ved Elgeseter i Nidaros (Trondheim) i 1240, reknar vi borgarkrigane som over.
Håkon Håkonsson var no styrkt som konge av Noreg. Han fekk vedteke at frå no av var det eldste ektefødde son av kongen av Noreg som skulle arve trona.
Norsk stordomstid
Perioden som følgde under Håkon Håkonsson, blir omtalt som den norske stordomstida. På 1200-talet var riket på sitt største. Då var også store delar av øyane i Vesterhavet innlemma i kongedømmet. Noreg hadde altså både Båhuslen, Jemtland og Herjedalen i dagen Sverige, Grønland, Island og mellom anna både Færøyane og Orknøyane.

1200-talet er også perioden for store norske praktbygg, mellom anna Akershus festning, Håkonshallen i Bergen og Nidarosdomen i Trondheim. Fleire store handelsstader vaks fram. Dette var òg tida for dei første bydanningane – i Oslo, Bergen, Trondheim, Tønsberg og Vågan i Lofoten.
Framveksten av byane var ei følge av auka handel langs kysten. Handel med fisk gjorde Bergen til eit viktig knutepunkt mellom dei nordtyske hanseatane og norske handelsfolk. Byane vaks fordi kongemakta gjekk vekk frå å reise rundt og bu på storgardane til å bygge opp ein fast administrasjon i byane. Dette vitnar om at høgmellomalderen var ein periode med økonomisk vekst.
Høgmellomalderen – ei stordomstid for kven?
I europeisk målestokk var den norske adelen på langt nær så mektig som lenger sør i Europa. Eigedommane som adelen kontrollerte, var mindre og inntektene lågare. Norske lensherrar hadde ikkje undervasallar, det vil seie adel som stod under baronar eller grevar i status, til dømes slik som lordane i England.
Sjølv om talet på leiglendingar auka i Noreg, var talet på sjølveigande bønder større enn i dei fleste andre vesteuropeiske land. Derfor er det ei vanleg oppfatning at det norske mellomaldersamfunnet ikkje var føydalt. Mykje taler for at den norske bonden hadde større fridom enn bøndene på det europeiske kontinentet.
Likevel gjorde folkeveksten at kampen om naturressursane hardna til i mellomalderen. Derfor er det verdt å spørje seg om omgrepet "stordomstid" er misvisande dersom vi vel å studere historia frå småkårsfolks perspektiv.
Tydelegare einskap – landslov og riksråd

Sonen til Håkon Håkonsson, Magnus, fekk tilnamnet Lagabøte. Han "bøtte" – altså bygde vidare på – dei gjeldande lovene. I 1270-åra fekk han vedteke ei landslov. Dette var ei viktig ramme for statsdanninga og kongemakta i Noreg. Lova knytte det geografiske området til folket og rekna Noreg som ei sjølvstendig politisk eining.
Landslova sikra eit felles rettssystem, skattesystem og militært forsvar. No var det om lag ti lagting med faste lagmenn som dømde og administrerte. Femti sysselmenn var dei lokale representantane til kongen. Hirda, kongen sin eigen hær, sikra kontakten mellom kongen og det lokale styringsapparatet.
På 1200-talet hadde riksrådet blitt ein fast institusjon i dei skandinaviske landa, etter modell frå Frankrike og England. Heilt sidan kong Sverres tid hadde landets "fremste menn" sikra seg moglegheita til å godkjenne nye kongsemne. I England var ordninga lovfesta i Magna Carta, frå 1215. Det skjedde etter press frå den engelske adelen, biskopane og eit stadig veksande borgarskap. Frå 1215 var kongen tvinga til å rådføre seg med representantar frå overklassen når nye skattar og lover skulle vedtakast. Dette minner om maktfordelinga mellom Stortinget og regjeringa slik vi kjenner henne i dag.
Sættargjerda i Tunsberg
Kyrkja støtta den nye kongen på vilkår av at kyrkja fekk tilbake den same fridommen som ho hadde før Sverres tid. No blei kyrkjas rett til å kontrollere sin eigen organisasjon nedfelt i ein avtale mellom kongemakta og kyrkja. Denne viktige avtalen blei inngått i 1277 og blir kalla sættargjerda i Tunsberg. (Sættargjerd betyr forlik eller avtale.)
Kyrkja fekk beholdet kristenretten, altså retten til å dømme i det som blei rekna som kyrkjelege saker, men ho fekk ikkje lenger ha medverknad i kongeval. Kongen på si side mista retten til å utnemne prestar og biskopar. Sættargjerda teikna opp klarare grenser mellom kongemakt og kyrkjemakt.
Relatert innhald
Det er vanleg å rekne utbrotet av svartedauden på midten av 1300-talet som slutten på høgmellomalderen, både i norsk og europeisk samanheng.
Åra frå 1350 til 1550 er både i norsk og europeisk politisk historie kjenneteikna av sterkare kongemakt og svekt adel.