Forklar historia! - Historie (vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Forklar historia!

Historiske hendingar har nokre føresetnader og årsaker. I denne oppgåva skal du finne dei og kategorisere dei.

Vel ei historisk hending

Vel deg ei historisk hending som du vil undersøkje nærare. Du kan til dømes velje ei frå lista under, eller de kan bli einige i klassen om å jobbe med ei felles hending.

  • danninga av dei første jordbrukssamfunna

  • vikingferdene

  • samlinga av Noreg til eitt rike

  • svartedauden

  • reformasjonen

  • Europa si kolonisering i andre verdsdelar

Finn forklaringar

Fin fem ting som kan forklare hendinga.

Kategoriser forklaringane

Gå gjennom forklaringane du har funne og diskuter: Kva for nokre av desse merkelappane passar på dei ulike forklaringane du har funne?

  • årsaksforklaring

  • motivforklaring

  • indre årsak

  • ytre årsak

  • push-faktor

  • pull-faktor

  • utløysande årsak

  • bakanforliggjande årsak

  • hovudårsak

  • biårsak

  • føresetnad

Relatert innhald

Fagstoff
Historiske forklaringar

Skal ein forstå historie, må ein òg prøve å forstå kvifor det som har skjedd, skjedde. Då må ein søkje etter samanhengar og årsaker.

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2021