Fordeling og legitimering av makt i Noreg - Historie (vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Fordeling og legitimering av makt i Noreg

Kven har hatt makt i Noreg, og kvifor har dei hatt makt? I denne oppgåva skal du fordjupe deg i korleis maktforholda i Noreg har endra seg frå vikingtida til tidleg nytid.

Nokre historiske hendingar har hatt spesiell betydning for korleis legitimering og fordeling av makt har endra seg i Noreg. Dei viktigaste er:

  • kristninga og samlinga av riket under éin konge på 1000-talet

  • svartedauden og starten på unionstida på slutten av 1300-talet

  • reformasjonen og tap av norsk sjølvstende i 1536–37

  • innføringa av eineveldet i 1660

Oppgåve

Undersøk korleis maktforholda i Noreg har endra seg frå vikingtida fram til 1700-talet. Skiv ein tekst eller lag ein presentasjon. Vel eit av alternativa under for å løyse oppgåva.

  1. Vel 3–4 tidspunkt i norsk historie frå ulike periodar. Undersøk korleis makta er fordelt mellom ulike personar, samfunnsgrupper og institusjonar. Undersøk korleis hendingane som er lista opp over, har endra maktforholda.

  2. Vel 3–4 kongar frå ulike periodar. Undersøk kva slags makt desse kongane har, og korleis dei legitimerer makta si. Undersøk korleis hendingane som er lista opp over, har endra maktforholda.

  3. Vel 3–4 tidspunkt i norsk historie frå ulike periodar. Undersøk kva slags makt kyrkja har, og korleis dei legitimerer makta si. Undersøk korleis hendingane som er lista opp over, har endra maktforholda.

  4. Vel 3–4 tidspunkt i norsk historie frå ulike periodar. Undersøk kva slags makt adelen har, og korleis dei legitimerer makta si. Undersøk korleis hendingane som er lista opp over, har endra maktforholda.

  5. Vel 3–4 av hendingane som er lista opp over. Undersøk korleis og kvifor desse hendingane endra maktforholda i Noreg.

Tips

I artikkelen "Oversikt: fordeling og legitimering av makt" finn du ei oversikt over maktforhold og viktige endringar, i tillegg til nyttige omgrep du kan bruke i svaret ditt. Du finn lenkje til denne artikkelen og andre relevante artiklar i lista under.

Relatert innhald

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2021