Kjelde: Dronning Margretes valbrev 1388

Valbrevet
Orkar du ikkje å lese heile teksten, finn du ein kortversjon nedst på sida. Men les gjerne heile.
Vinald, med Guds nåde erkebiskop i Nidaros, Øystein av Oslo, Olav av Stavanger, Sigurd av Hamar, Henrik av Grønland, biskopar med den same nåden, prosten ved Mariakyrkja i Oslo og kanslaren i riket i Noreg, Henrik Henriksson, Ulv Holmgeirsson, Ulv Jonsson, riddarar, Håkon Jonsson, Gaute Eiriksson, Jon Martinsson, Alv Haraldsson, Benedikt Nikulausson, Ogmund Bolt, Jon Darre, Håkon stumpe, Peter Nikolasson, Nikolas Galle, Finn Gyrdsson, Guldbrand Erlingsson, Torald Sigurdsson, Herleik Åsulvsson, Magnus Stoltekarl, Håkon Topp, Jappe Fastalsson og Svale Ottesson sender alle menn over heile Noreg og dets skattland Guds og si helsing.
Vi gjer ope kjent med dette det opne brevet vårt at fordi den høgborne fyrstinna, vår kjære frue, fru Margareta, med Guds nåde Noregs og svears dronning og rett arving og fyrstinne til riket i Danmark, var vår kjære herre kong Håkons hustru og mor til vår kjære herre kong Olav, som no nyleg døydde – måtte Gud ha sjelene til dei begge – og på grunn av den gunsten og gode viljen som vi alltid har erfart av henne, og framleis set det same håpet til hennar nåde, så har vi alle førnemnde, erkebiskop, biskopar, prost, riddarar og sveinar, på våre vegner og på vegner av heile Noregs rike, einstemmig annamma, utvalt og med god vilje teke imot den høgborne fyrstinna, den førnemnde frua dronning Margareta, til mektig frue og rett husbond for oss alle førnemnde, erkebiskop, biskopar, prost, riddarar og sveinar og heile Noregs rike, og [vi gjer kjent] at denne førnemnde dronning Margareta skal ha fullmakt til å stå for og rå for riket i Noreg, med makt og mynde i alle delar, over heile Noregs rike, både land, slott, festningar og tegnar, både sørleg og nordleg over heile Noreg og dets skattland, med Guds hjelp i alle hennar levedagar, og at alle fønemnde, og alle især for seg, skal styrke og hjelpe henne i all hennar rett og ikkje hindre noko av det som ho har rett til. Og alle vi førnemnde, erkebiskop, biskopar, prost, riddarar og sveinar har på våre vegner og på vegner av heile riket i Noreg tilsagt, lovd og svore den same førnemnde, vår kjære fru dronning Margareta, holl og tru teneste så lenge ho lever, og i alle delar å halde den førnemnde, vår kjære fru dronning Margareta, slik som her står føreskrive.
Vidare har vi alle saman, erkebiskopen, biskopar, prost, riddarar og sveinar, samtykt i at ingen av oss skal ha fleire huskarar og setesveinar enn lovboka og Hirdskråen vitnar.
Likeins har vi alle saman, erkebiskop, biskop, prost, riddarar og sveinar samtykt i at på grunn av nødvendige tarver som kviler på riket både i sør og i nord, skal allmugen i heile Noreg greie ut allmenning no i eitt år.
Likeins har vi alle saman, erkebiskop, biskop, prost, riddarar og sveinar lovd, tilsagt og svore på våre som på deira vegner, all den hollskap og truskap som vi og de skylder den rette høvdingen i riket. Så har ho òg lovd og tilsvore oss og dykk at ho skal halde lov og landsens rett mot oss og dykk i alle sine levedagar. Derfor ber vi og rår dykk til at de avlegg den same truskapseiden til vår førnemnde kjære fru dronninga, og at kvar syslemann skal ta i mot denne eiden i sin sysle, og at de skal vere greie og velvillige, lydige og underdanige mot henne og ombodsmennene hennar, og la henne og ombodsmennene hennar lett komme til at det som de er skuldige til å yte den rette høvdingen i riket etter lovene og landets gamle sedvane, og [det] så mykje meir som ho har bode alle syslemenn og ombodsmennene deira at kvar av dei i sin sysle skal halde og styrke lov og landsens rett.
Dette brevet blei gjort i Oslo kyndelsmessdag [2. feb.] 1388 år etter Guds fødsel, under segla våre.