Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Tidleg moderne tid

Fagstoff

Amerika

Det var på det amerikanske kontinentet at europearane sine erobringar fekk størst, og mest direkte, konsekvensar. Møtet mellom Europa og dei amerikanske samfunna resulterte i utsletting av store delar av befolkninga på kontinentet.

Millionar døde

Vi manglar gode kjelder for å seie noko sikkert om kor mange som budde i Amerika, men ein reknar med folketalet må ha vore mellom 30 og 60 millionar då Columbus kom til kontinentet omkring 1500. I løpet av kort tid var fleire millionar av dei døde. Dei beste kjeldene vi har, gjeld Mexico. Der blei det registrert 17 millionar urfolk som aztekarar og mayafolk i 1532. Nokre tiår seinare var det berre 6,3 millionar. Vel 200 år seinare, i 1770-åra, var det 1,9 millionar att. Ein reknar med at dødstala kan ha vore dei same i resten av Amerika.

Sjukdommar

Årsaka til dei høge dødstala var at europearane førte med seg sjukdommar som urbefolkninga ikkje hadde noka motstandskraft mot. Forfedrane til urfolka hadde kryssa over til kontinentet mange tusen år tidlegare, og sidan hadde dei vore isolerte. I Europa, og over heile det eurasiske kontinentet, var folk blitt utsette for sjukdommar som forkjøling, koppar og andre, slik at dei hadde opparbeidd seg ein viss immunitet. Urbefolkninga hadde ingen slik immunitet, og konsekvensen var dødeleg.

Dei høge dødstala fekk òg store konsekvensar for urfolkssamfunna. Sjukdommane ramma både fattig og rik, mektige og slavar. Slik forsvann også heile samfunn. Landsbyar blei fråflytta fordi det ikkje lenger var nok folk til å dyrke jorda. Europearane møtte derfor liten eller ingen motstand, og dei måtte i praksis byggje opp nye europeiske samfunn.

Ressurs

For dei europeiske landa var samtidig Amerika ein ressurs. Ikkje berre kom det etter kvart mykje varer derifrå, men det blei òg ein stad ein kunne sende delar av den veksande europeiske befolkninga til. Sidan dei nye koloniane lenge var avhengige av forsyningar frå moderlanda, blei dei òg viktige marknader for vareproduksjonen i dei europeiske landa.

Relatert innhald

Nord-Amerika

Etter freden med spanjolane i 1605 kunne engelskmennene konsentrere seg om ambisjonane sine i Nord-Amerika.

Sør-Amerika

I Sør-Amerika var det spanjolane som dominerte. Raskt etter at Columbus kom til Sør-Amerika, begynte spanjolar å søkje lykka på det nye kontinentet.

Skrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Kommuneforlaget.
Sist oppdatert 13.02.2025