Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Trekanthandelen

Mellom 1500-talet og fram til tidleg på 1800-talet vart fleire enn 12 millionar afrikanarar frakta med tvang frå Afrika til Amerika. Dei var vortne røva frå, eller seld av, familiane sine til europeiske slavekjøparar som lasta dei tett på skip.

Trekanthandelen

Trekanthandelen var handel mellom Europa, Afrika og Amerika, og var eit handelsmønster som utvikla seg på grunn av europearane sin stadige etterspurnad etter sukker, tobakk og kaffi. For å tene pengar på etterspurnaden sette ein i gang produksjon av råvarer i plantasjar i Karibia og Amerika, der råvarene vaks godt. Plantasjedrift sørgde for effektiv og spesialisert produksjon, og bruken av uløna slavar gav billeg arbeidskraft. Slik vart kostnadene haldne låge, og det var mogleg å hente ut stor profitt.

Skipa frakta dei etterspurde varene til Europa og deretter varer som våpen og alkohol frå Europa til Afrika. Varene frå Europa vart brukte til å betale for slavane.

Slaveskipa brukte om lag tre månader på ferda til anten Karibia eller Amerika. Dette var den største og mest brutale flyttinga av folk i menneskesoga.

Tenk over

Kva tenker du om denne måten å behandle folk på ?

Har du døme på moderne former for menneskehandel?

Slavane

Menneska som blei solgt som slavar kom frå heile Afrika. Det var oftast afrikanarane som røva dei, og som så selde dei til europeiske slavehandlarar som heldt til i fort og handelsstasjonar langs vestkysten av Afrika. Europearane betalte for slavane med varer dei hadde med frå Europa, mellom anna tekstil, sprit, våpen og krut.

Danmark-Noreg og slavehandelen

Danmark-Noreg var også engasjert i slavehandelen og hadde slavefort i Ghana. Mellom 1660 og 1806 var 344 dansk-norske skip engasjerte i farten. Til saman frakta dei minst 85 650 slavar.

Frå Afrika til Karibia

Frå vestkysten av Afrika vart dei som blei solgt som slavar førte til Karibia. Reisa var hard. Sjukdom, fangenskap og mangel på mat gjorde at mellom 15 og 20 % døydde på overfarten. Dødsraten mellom sjøfolka var om lag den same som for slavane på dette strekket. Dette mellom anna på grunn av at sjukdommar smitta lett på ein båt, og dei europeiske sjøfolka var ikkje vane med bakteriefloraen og sjukdommane dei vart utsette for medan dei var i Afrika.

Plantasjedrift

I Karibia vart slavane selde til plantasjeeigarar, anten på øyene eller på fastlandet, og så sette til arbeid på plantasjar eller farmar som spesialiserte seg på ein av dei store kolonivarene sukker, kaffi eller tobakk (i Sør-Amerika og Mexico var det også kakao). Danmark-Noreg hadde også koloniar i Karibia, tidvis kalla sukkerøyene fordi dei først og fremst produserte sukker. Det var øyene St. Croix, St. Thomas og St. John, som i dag er ein del av Jomfruøyene.

Produksjon og etterspurnad

Varene som vart produserte av slavane på plantasjane, vart så frakta tilbake til Europa der dei vart spreidde i folket. Dess meir slavane produserte, dess billegare vart varene. Såleis kunne også fleire kjøpe dei. Men sidan etterspurnaden aukte, trong ein endå fleire slavar for å produsere meir. Slik vaks handelen både med slavar og varer i trekanthandelen til å bli ein stor, global handel.

Kjelder

Hestvik, Håkon (2022, 28. juni): Slavehandel i Afrika, Sølvberget. https://www.solvberget.no/artikkel/Slavehandel-i-Afrika

Eriksen, Tore Linnè (2025, 21. februar): Slaveri i Store Norske leksikon- https://snl.no/slaveri

Skrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Norsk lokalhistorisk institutt.
Sist oppdatert 13.04.2026