Oppgave
Trening for musklar og skjelett
Som fagarbeidar innan helse- og oppveksttenestene er det viktig å ta vare på di eiga helse og førebyggje sjukdom hos både deg sjølv og brukarane. I denne oppgåva skal du lage ein plan og gjennomføre trening for å styrkje muskel- og skjelettsystemet ditt.
- Vurder din eigen livsstil, og foreslå aktivitetar som du meiner vil verke positivt på bevegelsesapparatet ditt og helsa di.
- Lag eit treningsprogram med øvingar for å styrkje muskel- og skjelettsystemet ditt. Be gjerne kroppsøvingslæraren om råd. Lag ein plan som er realistisk, og som du trur du kan klare å gjennomføre.
- Prøv ut planen i nokre veker. Fungerer det? Kvifor? Kvifor ikkje? Juster planen viss det er naudsynt.