Næringsstoff - Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Næringsstoff

Næringsstoffa er naudsynte for kroppen sin vekst og utvikling og for å halde oppe dei normale funksjonane i kroppen. Her får du ei oversikt over dei mest kjende næringsstoffa, kva hovudfunksjonar dei har, og kva matvarer som er gode kjelder for dei ulike stoffa.

Næringsstoffa i maten

Vi kan dele næringsstoffa i maten i to hovudgrupper:

Dei energigivande næringsstoffa:
I denne gruppa inngår karbohydrat, feitt og protein.
Dei ikkje-energigivande næringsstoffa:
I denne gruppa inngår vitamin, mineral, sporstoff, vatn og andre aktive stoff.

Næringsstoffa byggjer opp og held ved like kroppen vår, og dei energigivande kan i tillegg omsetjast i kroppen ved forbrenning slik at det blir frigjort energi. Feitt er det næringsstoffet som har høgast energiinnhald, 38 kJ/g. Protein og karbohydrat inneheld derimot berre 17 kJ/g.

Dei beste vitamina får du frå maten

Som tabellen under viser, inneheld norsk kosthald ulike kjelder til alle næringsstoffa kroppen treng. I dag er det svært mange som tek kosttilskot i form av vitamin- og mineraltablettar. Dette er ikkje naudsynt dersom du er frisk og har eit variert kosthald. Det einaste unntaket er vitamin D, som det kan vere vanskeleg å få i seg nok av. Helsedirektoratet tilrår derfor at alle tek ei skei tran eller trankapslar kvar dag. Enkelte mjølkedrikkar er tilsette vitamin D og blir tilrådde både til matlaging og til å drikke.

Enkelte kan òg ha behov for jerntilskot. Dette gjeld særleg kvinner i fruktbar alder. Du bør snakke med legen din eller anna helsepersonell før du byrjar med jerntilskot. Kvinner som planlegg graviditet, eller som kan rekne med å bli gravide, bør ta eit dagleg tilskot på 0,4 mg av B-vitaminet folat.

Vi bør ete litt frå alle matvaregruppene for å få eit fullverdig kosthald. Nokre av næringsstoffa må vi ha mykje av, mens av andre er det nok med berre nokre få mikrogram. Alle næringsstoffa utfyller kvarandre for å halde kroppen i form.

Dei ulike næringsstoffa

Tabellen viser funksjonen og kjeldene til dei ulike næringsstoffa.

Næringsstoffa: funksjon og kjelder

Næringsstoff

Funksjon

Kjelder

Karbohydrat

Gir energi

Brød, mjøl, poteter, frukt, grønsaker, sukker og sukra matvarer

Protein

Gir energi. Er byggjemateriale

Kjøtt og fisk, korn og brød, mjølk og ost, egg og belgfrukter

Umetta feitt

Gir energi

Naudsynte feittsyrer, oljer, feit fisk og kvitt kjøtt

Metta feitt

Gir energi

Smør, heilmjølk, ost og raudt kjøtt

Vitamin A

Viktig for auget sin funksjon. Naudsynt for vekst og utvikling

Gulrot og andre grønsaker, margarin og smør, lever og leverpostei

Vitamin B-gruppa

Inngår i enzym som er naudsynte for nedbryting av karbohydrat, feitt og protein

Grøne grønsaker, brød og kornvarer, mjølk, ost, kjøtt, fisk og egg

B-vitaminet folat

Reduserer risikoen for nevralrørsdefektar hos foster

Grøne grønsaker, sitrusfrukter, brød og kornvarer

Vitamin C

Viktig for celler og vev og for opptak av jern

Frukt, bær, grønsaker, poteter

Vitamin D

Naudsynt for at kroppen skal kunne utnytte kalsium

Sollys, tran, feit fisk, fiskelever, margarin og smør

Vitamin E

Viktig for celler og vev

Grønsaker, kornvarer og olje

Vitamin K

Viktig for blodet si evne til å koagulere

Grønsaker

Kalsium

Viktig for skjelett, tenner, musklar og nervesystem

Alle mjølkeprodukt, grøne grønsaker og nøtter

Jern

Er ein del av dei raude blodlekamane som fører oksygen til cellene

Brød og korn, kjøtt og innmat, poteter

Kostfiber

Viktig for fordøyinga

Grønsaker, poteter, brød og kornvarer

Vatn

Viktig for fordøyinga og transport av næringsstoff i kroppen

Drikkevarer. Dei fleste matvarer inneheld òg mykje vatn

Kjelde

Sosial- og helsedirektoratet (u.å.). Mat og mosjon i hverdagen. Helsetips fra Sosial- og helsedirektoratet. Henta 21. februar 2018 frå https://www.matportalen.no/artikler/article4170.ece/BINARY/Mat%20og%20mosjon%20i%20hverdagen

Skrive av Matportalen og Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2023