Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er god helse?

Oppfatninga om kva som er god helse, varierer frå person til person, men dei fleste vil nok seie at helse handlar om meir enn å ikkje vere sjuk. God helse er nært knytt til oppleving av livskvalitet og å kunne meistre sin eigen kvardag.

Helse inkluderer både fysisk og psykisk helse, og god helse handlar om mykje meir enn å ha ein sunn livsstil. Dette heilskaplege (holistiske) synet på helse heng nært saman med det heilskaplege menneskesynet som ligg til grunn for helse- og oppvekstfaga.

Syn på helse

Verdshelseorganisasjonen (WHO) definerte i 1948 helse som "en tilstand av fullstendig fysisk, psykisk og sosialt velvære og ikke bare fravær av sykdom eller lidelser".

Denne definisjonen av helse gjer det vanskeleg for dei fleste av oss å oppnå god helse, for når opplevde du sist fullkome velvære både fysisk, psykisk og sosialt?

Innan helsefremjande arbeid blir det lagt vekt på det heilskaplege synet på helse som ein hovudressurs for utvikling både sosialt, økonomisk og personleg. Helse er viktig for livskvaliteten vår og som ressurs for å meistre utfordringane i kvardagen.

Ulik oppleving av helse

Det er store variasjonar i kva menneske legg i omgrepet helse. På same måte som sjukdom blir opplevd ulikt frå person til person, vil òg oppfatninga om kva som er god helse, vere ulik. Ein person med utmerkt fysisk helse, god utdanning og økonomi kan likevel oppleve at helsa er dårleg fordi isolasjon og mangel på sosialt nettverk påverkar den psykiske helsa. På den andre sida kan ein person med ein kronisk sjukdom eller funksjonsnedsetjing oppleve helsetilstanden sin som god fordi han eller ho med tilrettelegging meistrar kvardagen sin.

Utfordringar til deg

  1. Kva betyr omgrepet helse for deg?
  2. Korleis vil du beskrive din eigen helsetilstand? Grunngi svaret.
  3. Kva er dei viktigaste faktorane for opplevinga di av helse og livskvalitet? Diskuter med medelevar.

Kjelder

Fugelli, P. & Ingstad, B. (2001, 10. desember). Helse – slik folk ser det. Tidsskrift for Den norske legeforening. https://tidsskriftet.no/2001/12/tema-helse-og-kultur/helse-slik-folk-ser-det

Regjeringen. (2014, 16. desember). Verdens helseorganisasjon. Henta 2. februar 2021 frå https://www.regjeringen.no/no/tema/helse-og-omsorg/innsikt/internasjonalt-helsesamarbeid/innsikt/verdens-helseorganisasjon-who/id435126/

World Health Organization. (u.å.). Health Promotion. Henta 2. februar 2021 frå https://www.who.int/teams/health-promotion/enhanced-wellbeing/first-global-conference

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2021