Førstehjelpsutstyr

Krav og retningslinjer for førstehjelpsutstyr
Alle arbeidsplassar skal ha førstehjelpsutstyr som gjer det mogleg å gi rask hjelp ved skadar eller akutt sjukdom. Arbeidsgivar har ansvar for at utstyret er tilpassa den typen arbeid som blir utført der, talet på tilsette og risiko på arbeidsplassen.
Førstehjelpsutstyret skal vere lett tilgjengeleg, tydeleg merkt og plassert slik at det raskt kan brukast ved behov. Det må jamleg kontrollerast at innhaldet er komplett og i god stand.
Arbeidsgivar skal òg sørge for at dei tilsette veit kvar utstyret er, og for at dei får opplæring i korleis det blir brukt. Det er tilrådd at fleire personar har ansvar for å kontrollere og halde ved like førstehjelpsutstyret jamleg for å sikre at det fungerer som det skal.
Førstehjelpsutstyr
På bakgrunn av risikoforholda på arbeidsplassen bør arbeidsgivar vurdere om det er nødvendig med ekstra førstehjelpsutstyr, og i tilfelle kva slags. Arbeidsplassar med lang avstand til medisinsk hjelp kan trenge meir omfattande utstyr enn andre.
Innhald i førstehjelpsskrin/førstehjelpskoffert
ulike bandasjar, kompressar, kirurgisk teip, plaster og sårserviettar til behandling av kutt og sår
trekanttørkle (fatle) til avlasting ved brot
sikringsnåler, saks og pinsett
elastisk bind 10 cm x 5 m
munn-til-munn-maske (med ventil eller filter)
eingongshanskar
augeglas og saltvassløysning
brannbandasje, til dømes 5 cm x 15 cm
kuldepakning
kort rettleiing i førstehjelp
EpiPen
Hjartestartar
Ein hjartestartar blir brukt saman med hjarte- og lungeredning (HLR) ved hjartestans. Apparatet analyserer hjarterytmen og gir tydelege instruksjonar med tale og bilete. Viss det er behov for straumstøyt, viser hjartestartaren korleis du skal gjere det. Du skal alltid ringe 113, starte HLR og følge rettleiinga frå både nødsentralen og hjartestartaren. Hald fram med HLR til personen viser teikn til liv eller hjelpa kjem. Hjartestartarar kan òg brukast på barn – bruk barneelektrodar eller barnemodus dersom det finst.
Det bør opprettast rutinar for bruk, vedlikehald og opplæring knytte til hjartestartaren, slik at alle som kan komme til å bruke apparatet, veit korleis det skal handterast, oppbevarast og kontrollerast regelmessig.

Oksygenutstyr
Det finst oksygenapparat som er enkle og trygge å bruke i nødssituasjonar der det er behov for utstyr til assistert pusting. Slike apparat kan vere ein del av førstehjelpsutstyret, spesielt på stader der det kan ta tid før profesjonell hjelp kjem. Dei gir eit tilskot av oksygen som kan vere avgjerande ved pustevanskar eller medvitsløyse.

Pulsoksymeter
Eit pulsoksymeter måler puls og oksygennivået i blodet. Det blir brukt for å vurdere pust og sirkulasjon og gir rask informasjon om oksygentilførselen i kroppen. Pulsoksymeteret er eit nyttig hjelpemiddel ved førstehjelp og andre situasjonar der overvaking av oksygenmengda i blodet er viktig.

Utfordringar til deg
Kva konsekvensar kan det få viss førstehjelpsutstyret ikkje er lett tilgjengeleg eller tydeleg merkt på arbeidsplassen?
Korleis kan jamleg kontroll og vedlikehald av førstehjelpsutstyr påverke sikkerheita på arbeidsplassen?
Kva utfordringar kan oppstå dersom tilsette ikkje får opplæring i bruk av førstehjelpsutstyret?