Førstehjelpsutstyr på arbeidsplassen

1. Er førstehjelpsutstyret klart til bruk?
Oppgåvebeskriving
Førstehjelpsutstyr skal vere tilgjengeleg på arbeidsplassen slik at de har det som trengst om ein tilsett skadar seg på jobb. I denne oppgåva skal du kontrollere førstehjelpsutstyret på praksisstaden din, gjerne saman med rettleiaren din. Viss du ikkje har hatt praksis enno, kan du sjekke førstehjelpsutstyret som er tilgjengeleg på skulen.
Gjennomføring
Lag ei sjekkliste der det er mogleg å krysse av og å skrive kommentarar. Bruk gjerne tilrådingane frå Arbeidstilsynet om innhald i førstehjelpsutstyr som utgangspunkt når du utarbeider sjekklista.
Kryss av for kva utstyr du finn (til dømes bandasjar, kompressar, hanskar, munn-til-munn-maske, plaster, saltvatn, saks og så vidare). Skriv òg inn eventuelt anna utstyr du finn.
Kontroller tilstanden. Er alt utstyret heilt og reint?
Har noko gått ut på dato?
Sjekk òg spesialutstyr dersom det finst:
hjartestartar: Ladar han? Lyser grønt lys? Er elektrodane innan utløpsdato?
oksygenflaske: Er flaska full, ventil i orden og ikkje utgått på dato?
EpiPen eller andre akuttmedisinar: Er utløpsdatoen passert?
pulsoksymeter: Fungerer det, og er batteriet i orden?
Eventuelle feil/manglar i forhold til tilrådingane:
Nemn eventuelle feil/manglar.
Gi forslag til forbetringar.
Gjennomfør ei spørjeundersøking der du spør nokre tilsette om førstehjelpsutstyret. Du kan til dømes spørje om dei veit kvar utstyret er plassert, kven som har ansvar for å kontrollere og fylle på, og kor næraste hjartestartar er. Du kan òg spørje om dei har fått opplæring i eller informasjon om bruk av førstehjelpsutstyret, og om dei kjenner seg trygge på å bruke det dersom det skulle oppstå ein nødssituasjon.
Skriv eit kort refleksjonsnotat eller diskuter i klassen:
Kvifor er det viktig å kontrollere utstyr jamleg?
Kva kan skje viss ein gløymer det?

2. Lag førstehjelpskoffert i ei skoeske
Som tilsett på ein arbeidsplass kan det vere oppgåva di å halde ved like førstehjelpsutstyret på arbeidsplassen. Alle tilsette skal vere kjende med kvar førstehjelpsutstyret blir oppbevart, og korleis det blir brukt. I denne oppgåva skal de lage ein førstehjelpskoffert i ei skoeske.
Utstyr
skoeske
lamineringsark
lamineringsmaskin
saks
papp til å lage skjermveggar i kofferten
farga ark
måling og penslar
lim
teip
Planlegging
Vel kva arbeidsplass de vil lage ein førstehjelpskoffert til.
Vurder kva ulykker og skadar som er mest aktuelle på arbeidsplassen de har valt. Lag ei innhaldsliste over kva førstehjelpskofferten skal innehalde. Lista skal ligge i kofferten.
Gjennomføring
Gjer om skoeska til ein komplett førstehjelpskoffert til bruk på arbeidsplassen de har valt. Ver kreative!
De kan bruke nettet, til dømes nettsidene til eit apotek, for å finne bilete av førstehjelpsutstyr. Skriv ut bileta, klipp dei til og laminer dei.
Presentasjon og refleksjon
Hald ein presentasjon der de viser fram førstehjelpskofferten for klassen. I presentasjonen skal de svare på dei følgande spørsmåla:
Kva arbeidsplass har de valt?
Kva skadar eller situasjonar kan oppstå på arbeidsplassen?
Kva førstehjelpsutstyr har de teke med?
Kvifor bør det vere ein førstehjelpskoffert tilgjengeleg for dei tilsette på ein arbeidsplass?
Kvifor bør vi øve på å bruke førstehjelpsutstyr rett?