Emosjonell førstehjelp
Film om emosjonell førstehjelp (1:08)
Fight-flight-freeze-respons
I svært stressande situasjonar, som ved ulykker og alvorleg sjukdom, er det vanleg for alle involverte å reagere med ulik grad av spontan redsle på den faren som har oppstått. Dette er ein normal reaksjon for at vi skal overvinne situasjonen.
Denne reaksjonen blir kalla ein flight-fight-freeze-respons, og det kan opplevast i ulik grad.
- Fight
- Du reagerer med å kjempe, reaksjonen kan òg vere prega av sinne.
- Flight
- Du reagerer med ei angstprega flukt.
- Freeze
- Du reagerer med å bli fullstendig låst (frose).
Moglege kroppslege reaksjonar hos hjelpar
Det er ikkje unormalt viss du opplever ei form for frykt i møtet med ein skadd eller sjuk person som du må hjelpe. Kroppen din kan òg reagere med ein fight-flight-freeze-reaksjon. Det skuldast at nervesystemet ditt er i alarmberedskap, og du får mykje stresshormon i kroppen. Det vil derfor ikkje vere unaturleg dersom du opplever at følgande skjer:
- Du blir veldig redd.
- Pulsen aukar og du får hjartebank.
- Du blir svært tørr i munnen.
- Du føler deg skjelven og svimmel.
- Du får vanskar med å tenke klart.

Emosjonell førstehjelp
- Forsøk å behalde roa og gjennomfør det du skal gjere, på ein mest mogleg roleg måte.
- Gå mot personen. Fortel kven du er, og at du er der for å hjelpe.
- Viss personen ligg eller sit, set deg ned i same høgd.
- Forsøk å møte blikket til personen.
- Fortel personen kva du har til hensikt å gjere. Dette skaper tryggleik.
- Hald fram med å snakke til personen sjølv om vedkomande ikkje er medviten. Dette er spesielt viktig viss noko av det du meiner er naudsynt å gjennomføre, vil medføre auka smerte for personen.
- Ikkje ver redd for å be andre som er til stades, om hjelp.
- Vis omsorg og prøv å skape tryggleik. Dette kan du gjere ved å halde personen i handa eller stryke på armen.
Lov aldri noko du ikkje veit om du kan halde. Du veit ikkje korleis dette vil gå, så ikkje lov at dette skal gå bra. Du kan seie at du vil vere saman med personen til anna hjelp kjem.
Relatert innhald
Emosjonell førstehjelp inneber handtering av menneske med ulike reaksjonar i stressande situasjonar, til dømes ved alvorlege ulykker eller sjukdom.
Som helsepersonell kan du komme i situasjonar der du må handtere kriser og hjelpe andre i kriser. Kunnskap om krisereaksjonar kan hjelpe deg.