Slik blir stell av døde utført - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Slik blir stell av døde utført

Når ein bebuar døyr ved sjukeheim, heimetenesta eller bustad, skal stellet vere prega av verdigheit og respekt. Stellet skal gjennomførast slik at den døde ser rein og velstelt ut. Det kan òg vere kulturelle eller religiøse omsyn å ta. Prosedyren skal sikre at rutinar ved dødsfall blir overhaldne.

Pleiepersonalet skal notere klokkeslett for dødsfallet og tilkalle lege. Først undersøker legen pasienten og stadfestar dødsfallet. Etterpå skriv legen ein dødsattest. Pleiepersonalet må kontakte dei pårørande viss dei ikkje allereie er til stades.

Nødvendig utstyr

  • stellefrakkar

  • hanskar

  • papirkladd

  • bleie

  • sjukehusskjorte eller privatklede

  • putevar, dynetrekk og stikklaken

  • laken/morslaken eller bodybag

  • vaskefat

  • vaskeklutar og handkle

  • sekkar til skitenklede og avfall

  • morssett

Viss de ikkje har morssett, treng de utstyr som

  • hakestøtte

  • pussbekken

  • kompressar/cellestoff

  • naglesaks

  • kam

  • to merkelappar med hyssing

Prosedyre

  • Ta på eingongshanskar og stellefrakk. Ved smitteregime: Følg dei retningslinjene for påkleding som gjeld for det aktuelle smitteregimet.

  • Den døde skal sjå velstelt ut. Gjennomfør kroppsvask, munnstell, set inn tannprotesar, grei håret, stell negler og gjennomfør eventuelt barbering viss den avdøde er ein mann.

  • Det er ikkje lenger vanleg å tamponere skjede og endetarm på den døde. Legg i staden eit innlegg under den avdøde.

  • Fjern utstyr som perifert venekateter, dren og kateter, og set på plasterlapp.

  • Sørg for reint utstyr på stomi og dessutan reine bandasjar på sår.

  • Ta av ringar og andre smykke viss ikkje anna er avtalt på førehand. Deponer verdisaker.

  • Legg ei sjukehusskjorte bak fram på avdøde viss det ikkje er andre spesielle ønske om påkleding, og dessutan bleie.

  • Legg laken rundt madrassen på vanleg måte, med eit stikklaken på tvers som fungerer som ein løftekladd seinare.

  • Legg på reint laken (blir seinare nytta til å pakke inn den døde), putevar og dynetrekk. Legg papirkladd under setet.

  • Den avdøde skal ligge på ryggen med armane langs sidene. Ei pute under hovudet og dyne over seg som ved vanleg leie.

  • Etter stellet blir det sett ein merkelapp på høgre stortå med namn, fødselsnummer, avdeling og dødstidspunkt.

  • Rommet skal vere ryddig og lufta ut, kast alt avfall.

  • Gjennomfør grundig handvask.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor skal den døde vere mest mogleg lik seg sjølv som levande etter stellet?

  2. Kvifor skal stellet vere prega av verdigheit og respekt?

  3. Korleis kan du utføre ei god og verdig varetaking av kroppen til den døde?

  4. Kva utfordringar tenker du at du kan møte ved stell av døde?

Kjelde

Oslo Universitetssykehus. (u.å.). Mors – stell av den døde [eHåndbok]. Henta 23. april 2024 frå https://ehandboken.ous-hf.no/document/993

Relatert innhald

Fagstoff
Når døden skjer

I Noreg døyr dei fleste menneske på institusjon, og som helsefagarbeidar er stell av døde menneske ei av arbeidsoppgåvene dine.

Skrive av Odd Ragnar Myhr og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 23.04.2024