Hopp til innhald
Film og filmklipp

Bekken i seng

Når pasienten er sengeliggande av ulike årsaker og ikkje kjem seg på toalettet, vil bruk av bekken bidra til å sikre daglege toalettrutinar.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Det å ikkje ha moglegheita til å gå på toalettet sjølv kan ofte vere ei mental belastning for pasienten. Vi ønsker alle å klare oss mest mogleg på eiga hand. Å kvitte seg med urin og avføring (eliminasjon) er viktig for ein normal tarmfunksjon, og det er samtidig noko dei fleste reknar som privat og intimt.

Det finst to typar bekken: vanleg bekken i stål og eit mindre spissbekken i plast. Spissbekken blir ofte brukt for pasientar som er svært tynne eller av ulike årsaker har vanskar med å bevege seg.

Utstyr

  • stellefrakk

  • hanskar

  • bekken

  • toalettpapir

  • eventuelt vaskeklut og vaskefat eller eingongsklutar med vaskekrem

Prosedyre

Prosedyre ved ryggleie:

  • Plasser ryggstøtta i senga i cirka 20 gradars vinkel.

  • Be pasienten bøye knea og løfte hofta.

  • Støtt pasienten under korsryggen.

  • Plasser bekkenet under setet.

Viss pasient har store smerter eller er immobil, blir det gjennomført bruk av bekken frå sideleie. Då er prosedyren slik:

  • Plasser bekkenet mot seteballane.

  • Press bekkenet ned i underlaget.

  • Hald bekkenet på plass og rull pasienten tilbake i ryggleie.

Når pasienten er ferdig:

  • Tørk vekk restar etter avføring. Først framme, ovanfrå og ned. Dette er viktig for å unngå at bakteriar frå endetarmen kjem i kontakt med urinvegsopninga og forårsakar urinvegsinfeksjon.

  • Legg pasienten på sida, for å tørke godt bak, med retning framanfrå og bakover, til det er reint.

  • Rydd opp, kast avfall og gjer utstyret reint.

  • Utfør handhygiene.

Prosedyre for å gi og ta bekken og spissbekken er dei same, men hugs å feste gummitoppen på spissbekkenet før det blir nytta slik at ikkje urin renn ut i senga.

Utfordringar til deg

  1. Korleis vil du leggje til rette for bruk av bekken for ein brukar som vanlegvis er sjølvhjelpt ved toalettbesøk?

  2. Korleis vil du opptre og kommunisere med ein brukar eller pasient når du legg til rette for eliminasjon av urin og avføring? Grunngi svaret ditt.

  3. Kva for nokre konkrete tiltak kan du gjere for å minske ubehaget og gjere pasienten mindre utilpass før, under og etter bruk av bekken?

Relatert innhald

Fagstoff
Eliminasjon av urin

For å observere eliminasjon av urin må du vite kva normal tilstand er, og du må vite kva du skal sjå etter når du observerer urinen.

Fagstoff
Eliminasjon av avføring

Eliminasjon betyr å kvitte seg med noko. Her lærer du om kva observasjonar helsefagarbeidaren må gjere ved eliminasjon av avføring.

Skrive av Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2021