Kva er hjerneslag? - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kva er hjerneslag?

Hjerneslag er ei fellesnemning for hjerneinfarkt (blodpropp) og hjernebløding. I denne oppgåva kan du lære meir om hjerneslag.

Oppgåver

  1. Kva er hjerneslag?

  2. Kva er årsaka til hjerneslag?

  3. Kva er symptom på hjerneslag?

  4. Viss du mistenker hjerneslag, kva hugseregel skal du bruke for å sjekke?

  5. Kva er dei vanlegaste fysiske, psykiske og psykososiale konsekvensane etter hjerneslag?

  6. Kva kan den enkelte gjere for å redusere risikoen og førebygge hjerneslag?

  7. Forklar forskjellen på "drypp" (TIA), hjerneinfarkt og hjernebløding.

  8. Kven blir ramma av hjerneslag?

  9. Kva komplikasjon kan pasienten få etter eit hjerneslag?

  10. Kva aktivitetar vil du foreslå for ein person som har hatt hjerneslag, og som treng å trene opp finmotorikken?

  11. Lag eit notat med oversikt over observasjonar, behandling og sjukepleietiltak ved hjerneslag i akuttfasen og etter akuttfasen.

  12. Rehabilitering etter hjerneslag.
    Karina,73 år, har hatt hjerneslag. Du skal hjelpe ho med eigentrening etter hjerneslaget. Gå inn på Landsforeningen for hjerte- og lungesyke si nettside om eigentrening. Bruk denne nettsida og lag eit notat som du kan bruke når du rettleier Karina i eigentrening i daglege aktivitetar.

  13. Finn ut kva rehabiliteringstilbod det finst for personar som har hatt hjerneslag, i nærområdet ditt. Beskriv kva tilbod tenestestaden tilbyr, søknadsprosessen og kva yrkesgrupper som jobbar der.

Lag ein presentasjon om hjerneslag

Jobb saman i ei gruppe, og lag ein podkast, film, PowerPoint, digital forteljing eller liknande om hjerneslag. Vis produktet for resten av klassen.

Presentasjonen bør innehalde informasjon om

  • symptom på hjerneslag

  • førstehjelp ved hjerneslag

  • førebygging av hjerneslag

  • konsekvensar og utfordringar etter hjerneslag

  • rehabilitering etter hjerneslag

Test deg sjølv

Relatert innhald

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2023