Hopp til innhald
Film og filmklipp

Heil kroppsvask i seng

For enkelte pasientar er det nødvendig at vi tilbyr heil eller delvis kroppsvask i seng for å ta vare på den personlege hygienen deira. Nokon er for svake til at dei kan gjennomføre stell ved vasken eller dusjing.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Nødvendig utstyr

  • handkle

  • vaskeklutar

  • vaskefat, eventuelt to fat

  • verneutstyr som frakk og hanskar

  • det du treng av reint sengetøy

  • reint tøy til brukaren

  • kam, børste, spegel, såpe, deodorant, sminkesaker, utstyr til barbering, fuktkrem eller lotion, utstyr til fotpleie

  • skitenkledepose og avfallspose

Prosedyre

  • Informer pasienten og spør om ønske for stellet. Observer allmenntilstanden og vurder kor mykje vedkomande kan gjere sjølv.

  • Utfør riktig handhygiene.

  • Skjerm pasienten mot innsyn frå andre.

  • Sjekk at temperaturen i rommet er slik at pasienten ikkje frys undervegs.

  • Rytt nattbordet slik at det blir plass til utstyret du skal nytte.

  • Ta av dyna, brett ho saman og legg ho på ein eigna plass. Pasienten bør ha eit laken eller liknande på seg for å unngå at det blir kaldt, og for å skjerme pasienten. Sørg for at pasienten ikkje blir blotta.

  • Grunnregelen er å vaske ovanfrå og nedover. Undervegs er det viktig å observere teikn som kan påverke situasjonen til pasienten. Det er vanlegvis best at pasienten sit litt oppreist i senga under stellet.

  • Fyll vatn i vaskefatet med den temperaturen pasienten synest er mest behageleg, vanlegvis cirka 37 gradar.

  • Legg handkleet på brystet til pasienten og vask ansiktet. Vask i eit tretal frå auga og ned mot munnen. Deretter ytre øyre og hals. Pasienten bestemmer sjølv om han eller ho vil ha såpe eller ikkje. Tørk godt, spesielt bak øyra.

  • Deretter vaskar du hendene og armane. Viss pasienten ønskjer det og klarer det, er det fint å vaske hendene i vaskefatet sjølv. Legg alltid handkleet slik at det ikkje blir søl i senga.

  • Vidare vaskar du armholer og brystkasse. Tørk godt, spesielt under brysta til kvinner, for å unngå soppinfeksjon og sår.

  • Når du skal vaske ryggen, kan pasienten anten sitje oppreist eller snu seg over på sida. Vask og tørk slik pasienten synest det er best.

  • Bruk deodorant viss brukaren ønskjer det.

  • Smør òg inn ryggen med lotion eller krem viss det er behov for det. Kle på ovantil før du vaskar vidare.

  • Vask lår, legger og føter. Ha gjerne føtene i vaskefatet viss pasienten ønskjer det. Etter at du har tørka godt, spesielt mellom tærne, kan du smørje inn med fotkrem.

  • Skift vaskeklut, handkle og eventuelt vaskefat og fyll i nytt vatn. Når du vaskar nedantil, er det viktig å nytte såpe med låg pH-verdi. Hugs å tørke godt.

  • Ta på deg hanskar.

  • Hos kvinner er det viktig å vaske godt i alle hudfoldar. Ta kjønnsleppene frå kvarandre. Start ved urinrøyropninga, og vask alltid framanfrå og bakover for å unngå å dra bakteriar til urinrøyret.

  • Hos menn trekkjer du forhuda tilbake og byrjar å vaske rundt urinrøyropninga. Vask forsiktig sidan slimhinna på penishovudet er veldig kjenslevar. Skyv deretter forhuda tilbake og vask penisskaftet, under pungen og lysken.

  • Til slutt vaskar du setet og setefòra. Det er viktig å vaske endetarmsopninga til slutt slik at du ikkje spreier tarmbakteriar. Viss det er behov, smør du setet med krem eller vassavstøytande salve.

  • Hjelp pasienten på med klede, eventuell sminke, hårstell og barbering. Stell føter ved behov.

  • Rydd etter deg. Legg skittentøyet i posar, tørk støv og kast avfall.

  • Luft godt.

  • Utfør god handhygiene.

Utfordringar til deg

  1. Korleis vil du utføre handhygiene før du byrjar å arbeide? Grunngi valet.

  2. Korleis vil du vareta brukarmedverknad?

  3. Kva arbeidsoppgåver står att når brukaren er ferdigstelt?

Relatert innhald

Fagstoff
Personleg hygiene

Pasientar og brukarar har behov for ulik grad av tilrettelegging og hjelp for å utføre personleg hygiene.

Fagstoff
Brukarmedverknad

Brukarar skal sjølve aktivt medverke og ta avgjerder i forhold som gjeld dei.

Skrive av Marit Smith Sørhøy, Lillian Brønseth og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2021