Hopp til innhald
Fagartikkel

Førebygging av svekking i musklar og skjelett

Pasientar som er immobile bruker musklane og ledda lite. Aktivitet er det viktigaste verkemidlet for å førebygge komplikasjonar i musklar, skjelett og ledd. All rørsle er aktivitet.

Symptom på svekking av musklar kan vere

  • at muskelmassen minkar

  • at muskelkrafta blir svekt

  • vekttap

Symptom på svekking av skjelett kan vere

  • auka tendens til brot

Symptom på feilstillingar i ledd kan vere

  • nedsett rørsleevne i ledda

  • stive ledd

  • smerter i ledd

  • synlege feilstillingar

Ved immobilitet vil muskelmassen raskt minke, og då vil muskelkrafta gradvis bli svekt. Skjelettet taper kalsium, protein og fosfor når aktivitetsnivået blir lågt, og ein følgetilstand av dette kan bli osteoporose .

Når musklane ikkje blir brukte, vil rørsleevna i ledda minke og dei blir stive. Fordi bøyemusklane er sterkare enn strekkemusklane, vil ledda stivne i bøygd stilling.

Aktivitet

Ein fysioterapeut kan setje opp individuelle treningsprogram for immobile pasientar. Pasientar med avgrensa immobilitet kan gjere aktive øvingar. Det er då viktig å ta utgangspunkt i ressursane og interessene til pasienten. Dersom pasienten er avhengig av hjelp til mobilisering, må helsepersonell hjelpe pasienten med passive øvingar. Øvingane bør gjerast fleire gonger per dag.

Kosthald

Eit sunt og næringsrikt kosthald vil gi pasienten energi til aktivitet.

Sidan skjelettet taper kalsium og protein ved inaktivitet, bør kosthaldet innehalde matvarer som er rike på kalsium og protein. Kalsiumrike matvarer er mjølk og ost, bønner, brokkoli, kål og feit småfisk.

Vitamin D aukar opptaket av kalsium. Sollys og tran er gode D-vitaminkjelder. Protein finst i matvarer som egg, kjøtt, fisk og meieriprodukt. Korn, erter, bønner og linser inneheld òg rikeleg med protein.

Hjelpemiddel

Det finst mange hjelpemiddel å få som er utvikla med tanke på å førebygge svekking av musklar og skjelett, og som førebygger feilstillingar i ledd. Ein fysioterapeut eller ein ergoterapeut kan hjelpe til med å finne fram til eigna hjelpemiddel.

Utfordringar til deg

  1. Forklar desse begrepa

    • osteoporose
    • kontraktur
    • komplikasjon
  2. Kvar kan ein søke om hjelpemiddel?

  3. Kva hjelpemiddel kjenner du til som kan bidra til auka aktivitet, og dermed førebygge svekking i musklar og skjelett?

Relatert innhald

Fagstoff
Skjelettet

Skjelettet er stativet som skal halde kroppen oppreist og samtidig verne vitale organ som hjerne, hjarte, lunger og ryggmerg.

Fagstoff
Hjelpemiddelsentralen

Hjelpemiddelsentralen rettleier om bruk av hjelpemiddel som kan kompensere heilt eller delvis for tap av funksjonar.

Skrive av Birgit Flaten. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 26.10.2023