Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Folkehelsa der du bur

Ein helsefremmande livsstil kan førebygge sjukdom og tap av leveår. Som helsepersonell skal du rettleie og motivere brukarar og pasientar til å ta vare på helsa si. Men korleis står det eigentleg til med folkehelsa der du bur?

Oppgåver

  1. Gå inn på Folkehelseinstituttet si nettside om folkehelse i kommunane, og finn folkehelseprofilen for heimkommunen eller bydelen din. Lag ei oversikt over folkehelsa til kommunen eller bydelen i forhold til landsnivået når det gjeld
    1. befolkningssamansetjing
    2. oppvekst og levekår
    3. miljø, skadar og ulykker
    4. helserelatert åtferd
    5. helsetilstand
  2. Gå inn på nettsida til kommunen eller bydelen din og undersøk kva som finst av informasjon om folkehelsearbeid. Kva blir tilbode av
    1. helsefremmande tiltak
    2. førebyggande tiltak
    3. tiltak for å verne befolkninga mot helserisiko
    4. tiltak for å jamne ut sosiale skilnader
  3. Gå saman i grupper og vel eit av tiltaka frå oppgåve 2 som de vil undersøke nærare.
    1. Ta kontakt og be om å få kome på besøk, og spør om å få intervjue ein eller fleire tilsette og gjerne brukarar av tenesta.
    2. Lag ein film om dette tiltaket som inneheld informasjon om
    • type folkehelsetiltak, jamfør punkta i oppgåve 2
    • tenester som blir tilbodne
    • målgruppe for tiltaket
    • organisering og finansiering av tenesta
    • kompetansen til dei tilsette og/eller frivillige
  4. Filmane blir presenterte i klassen. Tenk først individuelt over dette og diskuter deretter i klassen:

    1. Korleis er tilstanden på folkehelsa i kommunen eller bydelen dykkar i forhold til landet elles?
    2. Var det nokre funn som overraska dykk?
    3. Har de forslag til folkehelsetiltak som bør setjast i verk? Grunngi svaret.

Relatert innhald

Risikofaktorar

Risikofaktorar er omstende som kan auke faren for at du skal utvikle enkelte sjukdommar eller helseplager.

Aktivitet og helse

Fysisk aktivitet er like viktig for hjernen som for kroppen. I denne filmen fortel lege Ole Petter Hjelle korleis fysisk aktivitet påverkar hjernen.

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 06.01.2025