Fagstoff
Video
Einsemd som folkehelseproblem
Einsemd er risikofaktor når det gjeld både fysisk og psykisk helse. Mange opplever ufrivillig einsemd, men kvifor er det så vanskeleg å seie at du er einsam? I denne dokumentaren (lengde 51:58) snakkar programleiar Vilde med fleire unge vaksne om einsemd og prøver å bygge nye sosiale nettverk.
Utfordringar til deg
Når følte du deg einsam sist?
Kva treng du for å ikkje føle deg einsam?
Kvifor er det så vanskeleg å snakke om einsemd når det er så mange som opplever det? Diskuter med ein medelev.
Kva kan du gjere for å førebygge ufrivillig einsemd for deg sjølv og andre? Diskuter i klassen.