Bli kjend på skyljerommet - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Bli kjend på skyljerommet

På skyljerommet blir det utført både reine og ureine prosedyrar. Å halde rommet reint og ryddig er eit felles ansvar, og ei formålstenleg organisering av rommet er viktig for å halde oppe god hygiene. Gjer deg kjend på skyljerommet ved hjelp av denne interaktive versjonen!

Skyljerommet

Bruk det interaktive skyljerommet til å gjere deg kjend på skyljerommet og lære meir om organiseringa, innreiinga og utstyret du kan finne der. Klikk på dei ulike punkta for å finne svar på spørsmåla.

  1. Opne det interaktive skyljerommet i fullskjerm. Klikk på dei ulike punkta for å gjere deg kjend før du går vidare til oppgåve 2.

  2. Viss du kjem inn på skyljerommet med eit brukt bekken, kvar vil du setje det frå deg dersom du ikkje kan setje det rett inn i dekontaminatoren?

  3. Du kjem inn på skyljerommet og ser at det både er ureint utstyr på urein side og reint utstyr på rein side. I kva rekkefølge vil du handtere utstyret? Grunngi svaret ditt.

  4. Kvifor trur du det er plassert ein handvask mellom rein og urein sone?

  5. Kva fordelar er det med det gjennomgåande skapet for vaskefat, urinflasker og bekken? Grunngi svaret ut frå både hygieniske retningslinjer og effektivisering av arbeidet.

  6. Kvifor trur du sekken for restavfall er plassert der han står? Kunne han vore plassert ein annan stad?

  7. Å halde skyljerommet reint og ryddig er eit felles ansvar for alle som er på jobb. Kvifor bør det likevel vere ei sjekkliste for kontroll av utstyr og reingjering av skyljerommet?

Relatert innhald

Fagstoff
Arbeid på skyljerom

Riktig utført arbeid på skyllerommet bidreg til å bryte smittekjeda og hindre at smittsame sjukdommar spreier seg i avdelinga.

Fagstoff
Korleis blir smitte spreidd og hindra?

Sjukdommar forårsaka av mikroorganismar er smittsame fordi mikroorganismane kan overførast frå individ til individ. Lær meir om smittespreiing.

Skrive av Malene Bostad og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 30.09.2023