Kva slags hanskar vel du når?

1. Hanskar i helsevesenet
Les artikkelen "Hansker" på Folkehelseinstituttet og finn svar på spørsmåla under.
Kva er formålet med å bruke hanskar?
Kvifor skal du alltid gjennomføre handhygiene både før og etter hanskebruk?
Kva slags hansketypar er tilrådde til bruk i helsevesenet, og i kva for situasjonar skal dei ulike hansketypane brukast?
2. Film: Ta på og av rene engangshansker
I denne filmen (lengde 1:33 ) kan du sjå rett prosedyre for å ta på reine eingongshanskar frå ei dispensereske, og korleis hanskane blir tekne av for å forhindre kontaminering.
Praktisk oppgåve: Øv og vis korleis du tek på og av reine eingongshanskar
Sjå gjerne filmen om reine eingongshanskar fleire gonger, slik at du er trygg på prosedyren.
Prøv sjølv å ta på og av hanskar slik du såg i filmen. Tenk berekraft: Ikkje bruk fleire hanskar enn nødvendig når du øver.
Demonstrer for ein medelev korleis du tek på og av reine eingongshanskar.
3. Film: Ta på og av sterile hansker
Denne filmen (lengde 2:22 ) viser rett prosedyre for å ta på sterile hanskar frå ei enkeltpakning, og korleis hanskane blir tekne av for å forhindre kontaminering.
Praktisk oppgåve: Øv og vis korleis du tek på og av sterile hanskar
Sjå gjerne filmen om sterile hanskar fleire gonger, slik at du er trygg på prosedyren.
Prøv sjølv å ta på og av hanskar slik du såg i filmen. Tenk berekraft: Ikkje bruk fleire hanskar enn nødvendig når du øver.
Demonstrer korleis du tek på og av sterile hanskar for ein medelev.

4. Refleksjonsspørsmål
Kvifor er det viktig å bruke rett teknikk når du skal ta på og av reine eingongshanskar?
Kvifor trur du det finst ein eigen teknikk for korleis du skal ta på og av sterile hanskar?
5. Rett måte til rett tid
Hanskar har smitteførebyggande effekt når dei blir brukte på rett måte og til rett tid. Ta utgangspunkt i praksisplassen din eller eit helseserviceyrke, og bruk konkrete døme når du svarer på spørsmåla.
I kva for situasjonar eller prosedyrar blir det brukt hanskar?
Når er det viktig å bruke hanskar i helseserviceyrket ditt?
Finn døme på situasjonar der du meiner at hanskar blir brukte unødig i helseserviceyrket ditt.
Kva meiner vi med at hanskar kan gi falsk tryggleik?
6. Hanskebruk og berekraft
Bruk av hanskar er viktig for smittevern, men gir òg auka plastavfall som er belastande for miljøet. Les artikkelen "Miljøbevisst og forsvarleg bruk av utstyr" og sett deg inn i temaet Hanskar og berekraft før du svarer på spørsmåla under:
Kva betyr rett bruk av hanskar til rett tid i eit berekraftsperspektiv?
Korleis kan helseservicearbeidaren bidra til berekraftig praksis utan at det går på kostnad av smittevern?
Relatert innhald
Bruk av plast og eingongsutstyr i helsevesenet har fleire positive sider, men det er ikkje berekraftig for miljøet.