Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Vaksinetilbodet i Noreg

Kvifor blir barn og vaksne vaksinerte i Noreg? Her får du svar på kvifor det er viktig for folkehelsa at flest mogleg vaksinerer seg, og du får oversikt over vaksinar både i og utanfor vaksinasjonsprogramma.

Det nasjonale vaksinasjonsprogrammet

Det nasjonale vaksinasjonsprogrammet sikrar at alle grupper i befolkninga får tilbod om dei vaksinane dei treng gjennom ulike livsfasar. Vaksinar er reseptbelagde legemiddel som Folkehelseinstituttet (FHI) bestiller.

Kommunane har ansvar for å tilby og gjennomføre vaksinasjon mot smittsame sjukdommar. Dei bestemmer sjølve korleis dei organiserer tilbodet, og dei kan samarbeide med fastlegar eller apotek. Kommunane publiserer jamleg oppdatert informasjon på nettsidene sine.

Barnevaksinasjonsprogrammet

Det norske barnevaksinasjonsprogrammet er ein viktig del av det førebyggande helsetilbodet til barn og unge og blir gjennomført av helsestasjons- og skulehelsetenesta i kommunen. Alle barn og unge som oppheld seg i Noreg, får tilbod om gratis vaksinasjon gjennom barnevaksinasjonsprogrammet. Barnevaksinasjonsprogrammet tilbyr vaksinar mot 12 ulike sjukdommar, mellom anna difteri, stivkrampe, kikhoste, poliomyelitt, rotavirus og humant papillomavirus (HPV). I tillegg får barn med foreldre frå land med høg førekomst av tuberkolose tilbod om BCG-vaksine.

Meir enn 90 prosent av barna i Noreg følger barnevaksinasjonsprogrammet. Den høge vaksinasjonsdekninga blant barn bidreg til at alvorlege sjukdommar som difteri, raude hundar, polio og meslingar nesten er borte.

Den første vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet blir gitt ved seks vekers alder, og den siste blir gitt i 10. klasse. Dersom barn av ulike grunnar ikkje har fått ein eller fleire av programvaksinane til ordinær tid, har dei rett på eit gratis tilbod med vaksinane som inngår i barnevaksinasjonsprogrammet opp til dei fyller 20 år.

Vaksenvaksinasjonsprogrammet

Vaksinasjonsprogrammet for vaksne rettar seg mot risikogrupper som FHI har definert. Målet er å førebygge alvorleg sjukdom og dødsfall hos dei mest utsette. Det gjeld mellom anna

  • bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar

  • personar som er 65 år og eldre

  • gravide

  • personar med bestemde kroniske sjukdommar (som diabetes, hjarte-og karsjukdommar eller lungesjukdommar)

  • helsepersonell

Programmet gir tilbod om vaksine mot korona og influensa. I tillegg får personar som fyller 65 år tilbod om vaksine mot lungebetennelse (pneumokokksjukdom). Kommunen sender påminningar til personar over 65 år som ikkje har nytta seg av vaksinasjonstilbodet.

Vaksinasjonstilbod utanom vaksinasjonsprogrammet

Reisevaksine

Verdshelseorganisasjonen (WHO) og Folkehelseinstituttet (FHI) har laga rettleiingar for kva vaksinar dei tilrår ved utanlandsreiser. Ein bør vurdere vaksinebehovet og smitterisikoen saman med ein fagperson. Kva vaksinar ein treng, avheng av kvar ein skal reise, kor lenge ein skal vere borte, korleis ein skal bu og om ein planlegg mange aktivitetar utandørs.

Yrkesvaksinasjon

Styresmaktene tilrår vaksine for enkelte yrkesgrupper, som helsepersonell, veterinærar, tilsette på asylmottak, politi og redningspersonell. Vaksinane vernar både den som vaksinerer seg og sårbare grupper i samfunnet. Om ein jobbar i helsetenesta, bør ein følge dei generelle oppfordringane om vaksine mot mellom anna influensa, meslingar og raude hundar. I tillegg bør visse grupper helsepersonell vaksinere seg mot hepatitt B, tuberkulose og varicella (vasskoppar). Som regel dekker arbeidsgivaren kostnadene for vaksinasjonen.

Oppfriskingsvaksinasjon for vaksne

Folkehelseinstituttet tilrår at ein tek oppfriskingsvaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio kvart tiande år, uavhengig av om ein skal reise utanlands. Dette er særleg viktig for dei som jobbar i helsevesenet, sidan dei har auka risiko for å bli smitta eller føre smitte vidare til sårbare pasientar.

HPV-vaksine

Kvinner og menn som ikkje fekk HPV-vaksine gjennom barnevaksinasjonsprogrammet, kan ta denne vaksinen etter ei individuell vurdering hos lege.

Kvifor er vaksinar viktige for folkehelsa?

Vaksinasjon er frivillig i Noreg, og det er viktig at befolkninga får tilstrekkeleg informasjon til å kunne ta informerte val for seg sjølve og barna sine.

Høg vaksinasjonsdekning i befolkninga er avgjerande for folkehelsa av fleire grunnar:

  • Vaksinar vernar mot alvorlege smittsame sjukdommar og reduserer risikoen for komplikasjonar, sjukehusinnlegging og død.

  • Når mange er vaksinerte, oppnår vi flokkimmunitet, som reduserer smittespreiinga i samfunnet og vernar sårbare grupper som ikkje kan vaksinerast, til dømes spedbarn og personar med svekt immunforsvar.

  • Førebygging av smittsame sjukdommar og infeksjonar kan redusere behovet for antibiotika og dermed motverke antibiotikaresistens.

  • Færre sjuke betyr mindre fråvær frå skule og arbeid og lågare belastning på helsevesenet.

For å nå desse måla er det viktig med kontinuerleg overvaking og oppfølging.

Kva kostar det å vaksinere seg?

Kommunen kan ta betalt for vaksinar som ikkje er ein del av barnevaksinasjonsprogrammet. Ein må rekne med å betale full pris for sesonginfluensavaksine, mens ein betaler inntil 25 prosent av kostnaden for vaksine mot covid-19 og lungebetennelse (pneumokokksjukdom). I tillegg til sjølve medisinen betaler ein for sjølve vaksinasjonen, altså jobben helsepersonellet gjer. Prisane kan endre seg frå år til år. Du finn oppdatert informasjon om prisar på nettsidene til kommunen, fastlegen, apoteket eller FHI.

Utfordringar til deg

  1. Kva kan skje med spreiinga av smittsame sjukdommar dersom folk let vere å vaksinere seg?

  2. Korleis hjelper vaksinar oss med å bruke mindre antibiotika, og kvifor er dette viktig for samfunnet?

  3. Kvifor trur du det er viktig at vaksinasjonsprogrammet er frivillig, sjølv om styresmaktene tilrår alle å ta vaksinane?

  4. Korleis trur du informasjon frå helsestyresmakter, helsepersonell og sosiale medium påverkar kva vaksne vel å gjere?

Kjelder

Folkehelseinstituttet. (2023, 7. januar).Vaksiner i Norge.
https://www.fhi.no/he/fr/folkehelserapporten/smitte/vaksiner-i-norge/#om-vaksiner-i-folkehelsearbeidet

Folkehelseinstituttet. (2025, 5. september). Voksenvaksinasjonsprogrammet – håndbok for helsepersonell.
https://www.fhi.no/va/vaksinasjonshandboka/vaksinasjon/voksenvaksinasjonsprogrammet/

Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram. (2009). (FOR-2009-10-02-1229). Lovdata.
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2009-10-02-1229

Helsedirektoratet. (2025, 9. september). Veileder til forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram.
https://www.fhi.no/va/vaksinasjonshandboka/vaksinasjon/voksenvaksinasjonsprogrammet/

Skrive av Aleksandra Krogh.
Sist oppdatert 02.06.2026