Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Podkast

Gjennomfør debatt om vaksinar

Kor god er du til å overtyde andre? I denne oppgåva skal de planlegge og gjennomføre ein debatt om vaksinar. Set deg først inn i vaksinetilbodet i Noreg og lytt til ein podkast om vaksinar. Bruk kunnskapen til å stå stødig i debatten.

Del 1. Set deg inn i vaksinetilbodet i Noreg

Bruk fagartikkelen Vaksinetilbodet i Noreg for å svare på desse oppgåvene.

  1. Kva ønsker styresmaktene å oppnå med det nasjonale vaksinasjonsprogrammet?

  2. Kva oppgåver har kommunen når det gjeld vaksinasjon?

  3. Kvifor er det viktig for samfunnet at flest mogleg barn deltek i

    barnevaksinasjonsprogrammet?

  4. Kva sjukdommar beskyttar barnevaksinasjonsprogrammet mot? Lag ei liste over vaksinane som inngår i programmet.

  5. Kva vaksinar får vaksne tilbod om gjennom vaksenvaksinasjonsprogrammet, og kven gjeld tilbodet for?

  6. Kva må du betale sjølv om du tek vaksinar gjennom vaksenvaksinasjonsprogrammet?

  7. Undersøk kva vaksinar vaksne kan ta utanom det nasjonale programmet. Kven bør ta desse?

  8. Vel eit land du vil reise til og sjekk Folkehelseinstituttets temaside om smittevern ved reiser.

    1. Kva vaksinar blir det tilrådd å ta om du reiser til dette landet?

    2. Kva konsekvensar kan det få for deg om du droppar dei tilrådde reisevaksinane?

Del 2. Lytt til podkast om vaksinar

Lytt til podkasten om vaksinar og vaksinemotstand (lengde 18:03). Ta notat undervegs som du kan bruke når du skal argumentere i debatten. Podkasten har også ein tekstversjon.

Kvinne med munnbind set sprøyte i armen på ei anna kvinne. Foto.

Podkast om vaksinar og vaksinemotstand

Historia til menneska er også historia om sjukdommar og kampen vår mot sjukdommane. Med vaksinasjon kom eitt av dei sterkaste forsvara i den krigen – og kampen held fram. I denne podkasten fortel dir...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Del 3. Organiser og gjennomfør debatten

Når de har svart på oppgåvene i del 1 og høyrt på podkasten i del 2, skal de planlegge og gjennomføre sjølve debatten. Begynn med å avgjere om de vil gjennomføre debatten i klasserommet eller ein annan stad på skulen.

Fordel rollene

Debattleiar

Éin person er debattleiar og har ansvar for å styre ordet og passe på at alle følger reglane.

Vaksineforkjemparar

Éi gruppe skal argumentere for vaksinar. Nedanfor har vi laga forslag til rollekort for dei som er for: helseservicearbeidar, forskar ved FHI, kommunalsjef og privatperson. Fordel rollene mellom dykk.

Vaksinemotstandarar

Éi gruppe skal argumentere imot vaksinar. Nedanfor har vi laga forslag til rollekort for dei som er imot: bekymra forelder, helseservicearbeidar, influensar og allergikar. Fordel rollene mellom dykk.

Publikum

Resten av klassen er publikum. For å skape liv i debatten bør publikum bestå av både vaksineforkjemparar og vaksinemotstandarar. Fordel rollene mellom dykk.

Felles debattreglar

  • Vent på tur! Du må få klarsignal frå debattleiaren før du tek ordet.

  • Overhald taletida! Pass på at kvart innlegg varer i maksimalt 3 minutt.

  • Hald deg til saka! Snakk om temaet når du har ordet.

  • Ver sakleg og vis respekt! Bruk gode argument og unngå personangrep eller nedsettande kommentarar.

  • Still gode spørsmål! Du som er publikum, kan be om ordet for å stille korte og relevante spørsmål.

  • Delta aktivt! Alle som sit i panelet, skal legge fram minst eitt argument kvar.

  • Lytt til dei andre! Ver høfleg og følg med på kva dei andre seier. Det gjer debatten mykje betre.

Set deg inn i rolla di

For at debatten skal bli best mogleg, må alle setje seg godt inn i rolla si. Du kan lage ditt eige rollekort eller velje eitt av forslaga under. Les rollekortet ditt nøye. Der finn du informasjon om korleis du skal førebu deg og kva kjelder du bør bruke for å finne gode argument.

Viktige hugsereglar for alle:

  • Lær debattreglane! Alle må vite kva som er tillate i ein sakleg debatt.

  • Skriv manus! Lag eit manus i stikkordform for det du vil seie.

  • Øv på rolla! Tren på å framføre det du vil seie.

Førebu deg på gangen i debatten

Det er lurt å bli einige om korleis debatten skal gå føre seg. Her er eit forslag til struktur:

  1. Opning: Debattleiaren opnar debatten og seier kva han skal handle om.

  2. Innleiing: Alle debattantane i panelet seier kort kva dei meiner om vaksinar.

  3. Fri debatt: Ordet er fritt for kommentarar og spørsmål. Debattleiaren passar på tidsbruk, rekkefølge og at debattreglane blir følgde.

  4. Oppsummering: Kvar debattant får samanfatte dei viktigaste poenga til slutt for å overtyde publikum.

Evaluer debatten

Når debattleiaren avsluttar debatten, gir alle kvarandre ein velfortent applaus.

  1. Publikum evaluerer debatten ved å fylle ut evalueringsskjemaet som blei laga av debattleiaren.

  2. Debattleiaren presenterer resultata for klassen.

  3. Reflekter saman i klassen om korleis debatten fungerte.

Rollekort for debattleiar og publikum

Du er debattleiar

Som debattleiar skal du styre ordet og passe på tidsbruk og rekkefølge. Du har ein svært viktig jobb med å sørge for at debatten går ryddig for seg og at alle følger debattreglane. Snakk gjerne med deltakarane mens du førebur deg slik at de finn fram til reglar som passar for klassen dykkar.

Førebu debatten

  • Lag ein plan: Lag først ei enkel oversikt over struktur, tidsbruk og rekkefølge på innlegga. Del planen med deltakarane i god tid på førehand slik at dei kan bruke han når dei førebur seg.

  • Sjekk reglane: Både du og deltakarane må kjenne til debattreglane. Sjekk at alle har fått dei med seg. Bruk lista med felles debattreglar over, eller lag eigne reglar i samarbeid med læraren og klassen.

  • Pass på oppsummeringa: Sørg for at kvar debattant får samanfatte argumenta sine til slutt for å overtyde publikum.

  • Lag evaluering: Lag eit digitalt evalueringsskjema basert på debattreglane (til dømes i Forms eller Mentimeter). Spør klassen om dei synest det blei ein god debatt, og be dei grunngi svaret.

Tips til korleis styre debatten

Set deg gjerne inn Køyrereglar for formelle diskusjonar slik at du er godt førebudd på rolla di.

Du er publikum

Som publikum skal du stille spørsmål og komme med kommentarar til debattantane. For å skape ein spennande debatt er det lurt at de fordeler roller mellom dykk slik at både dei som er for og dei som er imot vaksinar, blir høyrde.

Slik deltek du som publikum

  • Lær om argumenta: Set deg inn i dei viktigaste argumenta både for og imot vaksinar.

  • Førebu spørsmål: Les rollekorta til debattantane for å finne ut kva du vil spørje dei om, eller kva du vil kommentere.

  • Sjå saka frå fleire sider: Vurder problemstillinga frå perspektivet til både enkeltpasientar og samfunnet samla sett.

  • Ver kritisk: Lytt nøye til argumenta som deltakarane bruker i debatten, og still kritiske spørsmål til det dei seier.

Rollekort for vaksineforkjemparar

Du er helseservicearbeidar og argumenterer for vaksinar

Du er helseservicearbeidar. Vel om du jobbar på apotek, legekontor, tannlegekontor eller sjukehus.

Bruk truverdige kjelder

I rolla som fagperson baserer du argumenta dine på informasjon frå anerkjende kjelder, til dømes offisielle helsenettsider. Du er oppteken av kjeldekritikk og bruker berre kjelder som er fagleg pålitelege og truverdige.

Lag manus

Lag eit manus i stikkordform for det du skal seie:

  • Skriv ei innleiing der du får tydeleg fram standpunktet ditt for vaksinar.

  • Skriv ned dei viktigaste argumenta dine.

  • Gi ei fagleg grunngiving for kvart argument.

Hugs at manuset er eit utkast. Du kjem sikkert på fleire gode argument etter kvart som debatten utviklar seg. Vis tydeleg kven du er og kva du meiner under sjølve debatten!

Du er forskar ved FHI og argumenterer for vaksinar

Du forskar på epidemiar og pandemiar og er invitert til debatten som fagekspert.

Bruk truverdige kjelder

I rolla som fagperson baserer du argumenta dine på informasjon frå anerkjende kjelder, til dømes offisielle helsenettsider. Du er oppteken av kjeldekritikk og bruker berre kjelder som er fagleg pålitelege og truverdige.

Lag manus

Lag eit manus i stikkordform for det du skal seie:

  • Skriv ei innleiing der du får tydeleg fram standpunktet ditt for vaksinar.

  • Skriv ned dei viktigaste argumenta dine.

  • Gi ei fagleg grunngiving for kvart argument.

Hugs at manuset er eit utkast. Du kjem sikkert på fleire gode argument etter kvart som debatten utviklar seg. Vis tydeleg kven du er og kva du meiner under sjølve debatten!

Du er kommunalsjef for helse og omsorg og argumenterer for vaksinar

Som kommunalsjef har du ansvar for både økonomien og tryggleiken til innbyggarane. Du er oppteken av at vaksinar reduserer sjukefråværet blant tilsette, førebygger smitte hos sårbare brukarar og hjelper deg med å halde budsjettet.

Bruk truverdige kjelder

I rolla som fagperson baserer du argumenta dine på informasjon frå anerkjende kjelder, til dømes offisielle helsenettsider. Du er oppteken av kjeldekritikk og bruker berre kjelder som er fagleg pålitelege og truverdige.

Lag manus

Lag eit manus i stikkordform for det du skal seie:

  • Skriv ei innleiing der du får tydeleg fram standpunktet ditt for vaksinar.

  • Skriv ned dei viktigaste argumenta dine.

  • Gi ei fagleg grunngiving for kvart argument.

Hugs at manuset er eit utkast. Du kjem sikkert på fleire gode argument etter kvart som debatten utviklar seg. Vis tydeleg kven du er og kva du meiner under sjølve debatten!

Du er ein privatperson som på grunn av erfaringar argumenterer for vaksinar

I denne rolla har du opplevd at personar nær deg har blitt alvorleg sjuke og døydd av sjukdommar som det finst vaksinar mot. Du meiner at dei kunne vore redda om dei hadde teke vaksine.

Bruk erfaringar og fakta som kjelder

Som privatperson bruker du først og fremst dine eigne erfaringar når du argumenterer, men du bruker også informasjon frå pålitelege nettsider som støttar synet ditt. Du veit at kjeldekritikk er viktig og bruker faglege kjelder av god kvalitet som kan underbygge erfaringane dine.

Lag manus

Lag eit manus i stikkordform for det du skal seie:

  • Skriv ei innleiing der du får tydeleg fram standpunktet ditt for vaksinar.

  • Skriv ned dei viktigaste argumenta dine.

  • Gi ei fagleg grunngiving for kvart argument.

Hugs at manuset er eit utkast. Du kjem sikkert på fleire gode argument etter kvart som debatten utviklar seg. Vis tydeleg kven du er og kva du meiner under sjølve debatten!

Tips til kjelder

  • Helsenorge har informasjon om vaksinar og det nasjonale vaksineprogrammet: Helsenorge.no.

  • Folkehelseinstituttet tek for seg statistikk, forsking og råd om smittevern og vaksinesikkerheit: fhi.no.

  • Bruk gjerne andre offentlege nettsider frå statlege helseorganisasjonar eller kommunar.

Rollekort for vaksinemotstandarar

Du er bekymra forelder og argumenterer imot vaksinar

Du er forelder til barnehagebarn. Du har høyrt frå andre foreldre i barnehagen om barn som skal ha fått alvorlege biverknader av vaksinar. Dette gjer deg usikker og bekymra for å følge barnevaksinasjonsprogrammet.

Bruk erfaringar og informasjon du har funne

Som privatperson bruker du først og fremst dine eigne erfaringar og det du har høyrt frå andre når du argumenterer. Du bruker ofte argument du har funne på sosiale medium, men har også funne nettsider som støttar opp om bekymringane dine.

Lag manus

Lag eit manus i stikkordform for det du skal seie:

  • Skriv ei innleiing der du får tydeleg fram standpunktet ditt imot vaksinar.

  • Skriv ned dei viktigaste argumenta dine.

  • Gi ei grunngiving for kvart argument.

Hugs at manuset er eit utkast. Du kjem sikkert på fleire gode argument etter kvart som debatten utviklar seg. Vis tydeleg kven du er og kva du meiner under sjølve debatten!

Du er helseservicearbeidar og argumenterer imot vaksinar

Som helseservicearbeidar meiner du det er sunt for kroppen å bli utsett for smitte for å styrke immunforsvaret naturleg. Du er også oppteken av at alle skal ha rett til å bestemme over eigen kropp, og du meiner at arbeidsgivarar ikkje bør kunne pålegge tilsette å vaksinere seg.

Bruk kjelder om immunisering og etiske dilemma

I rolla som fagperson baserer du argumenta dine på informasjon om naturleg immunisering. Du legg også stor vekt på autonomi, altså retten til å bestemme sjølv.

Lag manus

Lag eit manus i stikkordform for det du skal seie:

  • Skriv ei innleiing der du får tydeleg fram standpunktet ditt imot vaksinar.

  • Skriv ned dei viktigaste argumenta dine.

  • Gi ei grunngiving for kvart argument.

Hugs at manuset er eit utkast. Du kjem sikkert på fleire gode argument etter kvart som debatten utviklar seg. Vis tydeleg kven du er og kva du meiner under sjølve debatten!

Du er influensar og argumenterer imot vaksinar

Du er ein influensar med over 150 000 følgarar på Instagram. Du legg ut innhald om trening, helse og livsstil. Du er oppteken av alternativ medisin og tankekrafta. Blant følgarane dine er det mange som er skeptiske til vaksinar, og du vil gjerne vera talspersonen deira.

Bruk sosiale medium og følgarar som kjelder

I denne rolla hentar du argumenta dine frå sosiale medium og frå det følgarane dine har opplevd. Du legg stor vekt på personlege historier og innlegg som har fått mykje engasjement. For deg er ei sterk oppleving eller ei god historie vel så viktig som ei tradisjonell fagleg kjelde. Du bruker faglege kjelder berre om dei støttar opp om dei poenga du allereie har.

Lag manus

Lag eit manus i stikkordform for det du skal seie:

  • Skriv ei innleiing der du får tydeleg fram standpunktet ditt imot vaksinar.

  • Skriv ned dei viktigaste argumenta dine.

  • Gi ei grunngiving for kvart argument.

Hugs at manuset er eit utkast. Du kjem sikkert på fleire gode argument etter kvart som debatten utviklar seg. Vis tydeleg kven du er og kva du meiner under sjølve debatten!

Du er ein privatperson med allergi og argumenterer imot vaksinar

Du er allergisk mot eggekvite, som er eit vanleg innhaldsstoff i fleire vaksinar. For deg kan ein vaksine føre til alvorlege allergiske reaksjonar, og du meiner derfor at risikoen ved å vaksinere seg er for stor.

Bruk erfaringar og fakta som kjelder

Som privatperson bruker du dine eigne erfaringar når du argumenterer, men du bruker også informasjon frå pålitelege nettsider som støttar synet ditt. Du veit at kjeldekritikk er viktig og bruker faglege kjelder av god kvalitet for å underbygge bekymringa di for allergiske reaksjonar.

Lag manus

Lag eit manus i stikkordform for det du skal seie:

  • Skriv ei innleiing der du får tydeleg fram standpunktet ditt imot vaksinar.

  • Skriv ned dei viktigaste argumenta dine.

  • Gi ei grunngiving for kvart argument.

Hugs at manuset er eit utkast. Du kjem sikkert på fleire gode argument etter kvart som debatten utviklar seg. Vis tydeleg kven du er og kva du meiner under sjølve debatten!

Tips til kjelder

  • Sjå etter personlege historier, innlegg og diskusjonar i grupper på sosiale medium.

  • Søk på NRK og i aviser etter debattinnlegg, kronikkar eller saker om personlege erfaringar og biverknader.

  • Finn klipp frå TV- eller radioprogram der ulike synspunkt på vaksinasjon blir presenterte.

  • Du kan også leite etter informasjon på nettsider som fokuserer på alternativ medisin og naturleg helse.

Skrive av Aleksandra Krogh.
Sist oppdatert 08.06.2026